annonse

Stor snøskredfare i området

SNØSKRED
SNØSKRED: Det er stor snøskredfare i Hardanger og Voss torsdag morgon. Biletet frå eit skred på Gullbrå er brukt for å illustrera saka. (Foto: Frøydis Gullbrå/Arkiv)

Torsdag morgon er farenivået for snøskred på det nest høgste nivået i Voss og Hardanger.

Ingvild Siglen Berger

Ifylgje varsom.no tyder raudt farenivå, nivå fire, stor fare for skred. Det er meldt plussgrader heilt opp til 600 moh.

I området Voss er det mykje nedbør i lag med sterk kuling natt til torsdag, som gjer at nysnø- og fokksnøflak byggjer seg opp i leområde over nysnøgrensa. Faren for naturleg utløyste skred er truleg størst tidleg på døgeret, når nedbøren er mest intens og vinden kraftigast.

Vinden minkar til frisk bris frå vest utover dagen, og då går farenivået truleg ned.

Det same gjeld i Hardanger.

For i morgon, fredag, er farenivået justert ned til betydeleg. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.