annonse

Strålande feiring i Granvin

HURRAROP
HURRAROP: Elevar ropte ut si glede over dagen og skulen dei går på. (Foto: Sigrid Seim)
BUNADSPARADE
BUNADSPARADE: Flotte jenter med nye bunader skein om kapp med sola i Granvin. (Foto: Sigrid Seim)
MORO
MORO: Under det store treet i Mælandshagen trivst dei minste. (Foto: Sigrid Seim)
GODLÅT
GODLÅT: Friske tonar frå fine musikantar i Granvin. (Foto: Sigrid Seim)

Toget var lengre enn på mange år, og ramma var også i Granvin perfekt rundt feiringa av nasjonaldagen.

Sigrid Seim

Unge og eldre musikantar i det utvida skulemusikklaget sette tone til folketoget som på tradisjonelt vis starta frå Trudvang.

Flokken av festkledde born og vaksne var større enn på lenge, kommenterte fleire. Men så var også ramma rundt feiringa den beste, med sol, bløming og ein fin flaggvind.

Tradisjonane vart ivaretekne også ved samlinga i Mælandshagen. Musikkinnslag, helsing frå ordførar og tale frå 9.klassingane Sigrid Folkedal og Susanna Fære Spildo.

Til sist utdeling av kulturpris, som dette året gjekk til Granvin skyttarlag. Svein Medås og Gunnar Lussand takka for heideren.

Toget gjekk deretter oppover bygda att, til servering, leik og underhaldning vidare utover dagen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse