annonse

SUV-nyhenda i 2018

MONSTER-SUV
MONSTER-SUV: Lamborghini vil også ha ein bit av SUV-kaka og kjem med Urus, som vil kosta tre millionar kroner i Norge. (Foto: Lamborghini)
STORE FORVENTNINGAR
STORE FORVENTNINGAR: Audi kjem med sin fyrste elbil, e-tron, som har meir enn 3000 nordmenn på venteliste. (Foto: Audi)
BLIR STOR
BLIR STOR: BMW kjem med X7, som legg seg over dagens X5 i størrelse. (Foto: BMW)
LITEN
LITEN: Volvo XC40 blir merket sin minste SUV. (Foto: Volvo)
INTERESSANT
INTERESSANT: Hyundai Kona kjem med ei elektrisk drivline som skal klara 50 mil. (Foto: Hyundai)
BLIR MINDRE
BLIR MINDRE: X2 blir BMW sin minste SUV, den kjem til våren. (Foto: BMW)
JAGUAR-SUV
JAGUAR-SUV: For eit par år sidan kom Jaguar med sin fyrste SUV, F-Pace, i 2018 kjem den mindre E-Pace. (Foto: Jaguar)

Bilkundane elskar SUV, og i 2018 kjem det fleire nye modellar: store og små, med digre bensinmotorar eller elektriske drivliner som kan ta deg langt.

  • Morten Abrahamsen/NPK-NTB

Av dei aller største nyhenda, reint fysisk, på SUV-fronten i 2018 er BMW X7, som er venta på marknaden mot slutten av året. BMW har ikkje sleppt så mange detaljar rundt bilen enno, men den blir større enn X5, og skal byggjast på same fabrikken­ som sine mindre sysken, i Spartanburg, USA.

Den langt meir beskjedne X2 kjem i mars 2018. Den er faktisk mindre enn X1, og skal vera ein sportsleg SUV. Ved introduksjonen kjem X2 med 192 hestekrefter og framhjulstrekk til 457.000 kroner. Dei to utgåvene med firehjulstrekk har dieselmotorar på 190 eller 231 hestekrefter og kostar høvesvis 511.000 og 562.000 kroner.

Jaguar skal for fyrste gong kjempa om dei same kundane som BMW gjer med X2. Jaguar E-pace er 441 centimeter lang, og den norske importøren reknar­ med å selja rundt 200 neste år. Den vil bli tilgjengeleg med framhjulstrekk og firehjulstrekk.

Minste motoren er 150 hestekrefter diesel, som importøren reknar med at dei fleste vil velja, og startprisen er på ein halv million kroner. Den blir lansert i januar.

Mange har reservert

Seinare kjem det som verkeleg vil setja fart på salet til merket i Noreg, den elektriske SUVen I-Pace.

– Per no har 850 personar betalt reservasjonssummen på 10.000 kroner for å sikra seg tidleg levering. Det er også over 2000 som har meldt interesse for å kjøpa bilen, sa Jacob Moer Aanonsen, salssjef for Jaguar Land Rover i Noreg, nyleg. Bilen er venta til sommaren.

I-Pace har eit batteri på 90 kWh og skal ha ei rekkjevidd på 50 mil.

 

Volvo XC40 kjem til Noreg i vinter og blir tilgjengeleg med firesylindra diesel- eller bensinmotor. Det blir ein direkte konkurrent til Jaguar E-pace og BMW X2. Diesel med 190 hestekrefter og firehjulstrekk startar på 510.000, bensin med firehjulstrekk og 247 hestekrefter på 560.000 kroner. Fleire drivlinealternativ, inkludert ein hybrid og ein heilelektrisk versjon, kjem seinare.

Mercedes-Benz har ei heil mengde SUVar i sortimentet sitt, og i 2018 kjem det få nyhende her. Men éin, som har vore med omtrent sidan tidas morgon, skal få sin største facelift nokon gong. G-klasse, eller bilen som ein gong var kjent som Geländewagen, den originale børstraktoren, som blei lansert i 1979, blir kraftig oppgradert.

El-SUV

Face-liften skal vera tru mot originalen, så den beheld ting som reservedekk på bakluka og blinkljos på panseret. Samtidig skal den bli vesentleg større innvendig, og får det nye digitale dashbordet til Mercedes. Førebels har produsenten berre vist bilete av interiøret, det er heller ikkje klart kva for motorar som blir tilgjengelege. Salsstart er alt i midten av januar.

Kia kjem tidleg i 2018 med den vesle SUVen Kona, som verkeleg blir interessant for norske kundar til sommaren, når elbilutgåva er klar.

– Den vil koma med to forskjellige batteripakkar, og det er grunn til å tru at den største skal klara over 50 mil. Me har over 2000 personar som har meldt seg som interesserte på nettet alt, seier Morten Brusletto, PR-sjef hjå den norske importøren.

Volkswagen er i desse dagar klar med T-Roc, som er mindre enn Tiguan og deler plattform med Skoda sin nye modell Karoq. Til sommaren kjem dei med ein ny generasjon av den store SUVen Touareg, og dei har nettopp lansert sjusetaren Tiguan Allspace.

«Super-SUV»

Audi vil vera klare med den fyrste elbilen sin, e-tron, ein gong i 2018. Øyvind Rognlien Skovli, kommunikasjonssjef i Audi Norge, seier at 3000 nordmenn har reservert seg ein plass i køen­. Dette er ein stor SUV, med eit batteri på 95 kWh og ei rekkjevidd på 50 mil.

I tillegg kjem Audi med ein ny Q3 og det som ser ut til å bli deira største bil, Q8.

For dei som verkeleg har midlar, kjem superbilprodusenten Lamborghini med ein SUV. Dei kallar Urus for den fyrste «super-SUVen». Under panseret er det ein motor på 630 hestekrefter.

Bilbutikken Autoxo på Høvik utanfor Oslo, som sel bilar frå Lamborghini i Noreg, seier at Urus vil ha ein startpris på temmeleg nøyaktig tre millionar kroner. Dei fyrste leveringane er hausten 2018.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.