annonse

Suverene på handballbanen

JUBEL
JUBEL: Voss Handballklubb sitt jenter 15-lag blei fylkesmeistrar då dei slo Lyngbø 19-17 laurdag 23. april. Bakarst frå venstre er Lina Børven, Trine Brunborg Flatby, Tara Doherty Hirth, Johanne Rokne, Ida Marie Trøen og Jorid Vivås. I midten frå venstre er Lena Linga Berge, Ingeborg Rekve, Tale Mossige Loven, Hilde K. Strand og Tuva Mossige Loven. Heilt framme er Kari Reutz Ringheim og Jennifer Dral Mathieson. (Foto: Ivan Jonsson)
TIL STADES
TIL STADES: Trenar Erik Blindheim i samtale med Jorid Vivås.
PÅ TRENING
PÅ TRENING: Johanne Rokne er kaptein på laget. Her på trening i Voss Idrettshall.
Det er god stemning på laget og fleire av jentene har spelt saman i årevis. Frå venstre
Det er god stemning på laget og fleire av jentene har spelt saman i årevis. Frå venstre: Kari Reutz Ringheim, Johanne Rokne og Trine Brunborg Flatby.

Voss Handballklubb sitt jenter 15-lag har feia all motstand av banen denne sesongen.

Ingvild Siglen Berger

Gjengen på Voss sitt jenter 15-lag har hatt ein knallsesong i B-serien under leiing av trenar Erik Blindheim, og vann heile sesongen med god margin føre erkerival Åsane 2. I helga som var vart dei også fylkesmeistrar, etter at dei vann 19-17 mot Lyngbø i finalen i fylkesmeisterskapet.

- Eg er veldig nøgd med sesongen, seier trenar Blindheim.

Vann overlegent

Jentene har spelt på nest høgaste nivå, altså i B-serien, denne sesongen, men trenaren meiner laget heilt klart kunne spelt på nivået over.

- Det burde dei. Med resultat som 33-7 i ein av kampane, så er det nesten ikkje gøy å vinna. Dei lærer ikkje så mykje då, forklarer han.

Siste seriekamp var mot Åsane 2 laurdag 9. april, og også då vann Voss sine jenter overlegent, med 26 mot Åsane 2 sine ni mål.

- Som trenar har du eit bilete i hovudet av korleis kampen skal sjå ut, og slik var det då, seier Blindheim.

Sjølvspolande piano

Gjengen på jenter 15-laget har spelt handball saman i mange år, og trenar fleire gonger i veka.

- Me prøver å vera det som Erik seier, nemleg eit sjølvspolande piano. Målet er å verta såpass gode at grunnspelet går automatisk, fortel kaptein Johanne Rokne.

Sjølv har ho spelt handball sidan 7-årsalderen, og trivs godt som kaptein for dei blide jentene på laget.

- Det er kjekt. Eg har alltid likt å vera i ein leiarrolle og å få andre med. På handballbanen handlar det om å få opp konsentrasjonen og motivasjonen. Det er kjekt når ein får det til, seier Rokne.

Stort potensial

Fleire av jentene på laget er også med som trenarar for yngre lag i klubben, i tillegg til at dei bidreg på dommarsida. Til hausten har ni av 13 søkt seg inn på handball-linja på gymnaset, mellom dei kaptein Rokne.

- Det blir veldig kjekt, seier ho.

At så mange har søkt seg inn på linja, skal visstnok vera rekord. Framtida ser med andre ord ljos ut for handballjentene til Voss Handballklubb.

- Dei er ikkje verdsmeistrar enno, og har framleis mykje å læra. Men dei har absolutt veldig stort potensial og det er veldig mange flinke på laget, seier trenar Erik Blindheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.