annonse

Sveabrekko skal fyrst og fremst vera for eldre

SVEABREKKO
SVEABREKKO: Måndag vedtok eit samrøystes levekår i Vaksdal kommune at Sveabrekko fyrst og fremst skal vera for dei eldre. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Sveabrekko på Stamnes skal ikkje nyttast til bustader for personar som har store utfordringar med rus og/eller psykiske lidingar.

Jan-Egil Dyvik

Det vedtok eit samrøystes levekårsutval i dag, måndag.

Kven desse bustadene skal kunna leigast ut til, er ei sak om har gått lenge i det kommunale systemet. Både juristar og husbanken har konkludert med at kommunen kan leiga ut til kven dei vil.

Hefte som skriv seg frå sjølve finansieringa, vil i regelen gjelda i 20 år, og Sveabrekko er noko eldre enn det, vart det opplyst frå administrasjonen i kommunen på møtet.

Kan leigast til andre

Etter vedtaket i levekårsutvalet, skal dei åtte husværa i Sveabrekko tildelast av forvaltingskontoret etter faglege kriterium til menneske med dårleg helse og behov for pleie og tilsyn, som det heiter.

Når situasjonen tillèt – og det er ledige husvære – kan husværa leigast ut til andre for inntil tre år, i tråd med utleigeloven.

Dei andre som bur her sitt behov for tryggleik skal då vektleggjast særskilt og eldre skal då prioriterast, heiter det.

Det går også fram av vedtaket at Sveabrekko ikkje skal brukast til bustad for personar som har store utfordringar med rus og/eller alvorlege psykiske lidingar.

– For å kunna fylgja personar med slike utfordringar på ein best mogleg måte, må ein prøva å busetja desse sentralt i kommunen, heiter det.

I respekt for gjevarane

Etter forslag frå Anneli Vatle Lilletvedt (H) måndag, skal desse reglane også takast inn i dei kommunale utleigereglane.

– Eg vil også leggja til at uansett kva juristane eller husbanken seier, så er det kommunen som bestemmer utleigereglane sine. Dette må også sjåast litt i respekt for dei som har gjeve midlar til realiseringa, uansett om det er meir enn 20 år sidan, sa Vatle Lilletvedt mellom anna.

Både ho og andre tykte dei nye reglane – som var eit forslag frå Magne Hestad (Ap) – var eit godt forslag, som alle altså slutta seg til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.