IKKJE EIN DROPE VOSSAVIN ATT: Traileren var full med vin som skulle leverast på fleire stader, men tjuvane tok berre med seg Vossa-kvitvinen som var på veg til bygda. FOTO: PRIMORIS

Svenske tjuvar stal Vossavinen

Knapt tre veker før lanseringa vart vintraileren frå Italia rana for kvit Voss vin i sør-Sverige.

Publisert 17.02.2017 kl. 15.38. Oppdatert kl. 15.13.

Det er vinimportøren Odd Sneen, eigar av importfirmaet Primoris, som fortel dette. Primoris arrangerte vinsmaking på Voss før jol, og 3. mars skal dei utplukka vinane lanserast på Vinmonopolet. Sneen lovar at han og firmaet vil gjera alt dei kan for å etterfylla vinen som var stolen i Sverige, slik at vossingane ikkje vert skadelidande.


Grovt tjuveri

Traileren frå Italia var fylt med ulike vinar som skulle til fleire mottakarar her til lands. Om kvelden 12. februar stogga den italienske sjåføren på ein rasteplass utanfor Båstad - mellom Halmstad og Helsingborg - for å overhalda køyre- og kviletidsreglane. Om sjåføren låg og sov, eller om han hadde gått for å få seg noko mat, er uvisst, men tjuvar skar seg i alle fall gjennom presenningen fleire stader og forsynte seg av vinlasta.


Berre Voss vin

Det merkelege er at det berre var kvitvin som skulle til Voss som vart stolen. Nærare bestemt 26 kassar à 6 flasker med Primoris Voss Tai Pinot Grigio som forsvann. Det svarar til 156 flasker av den eksklusive Voss vinen, med både front- og ryggetikettar biletlagt av Kristian Finborud. Ein skulle nesten tru det var folk som visste kva dei var ute etter, for det stod kassevis med andre vinar att i traileren.

Den svenske politiet etterforskar tjuveriet, og er dei like effektive som tjuvane kan det vera at storparten av kvitvinen kjem dit han skal: til Vinmonopolet på Sverresplass.