annonse

Tapte thriller

BORTESIGER
BORTESIGER: 2. divisjonskampen mellom Voss HK og Bjørnar vart ein thriller, som bortelaget til slutt vann.

Voss Hk såg ut til å ha kontroll på Bjørnar. Men bortelaget snudde kampen på tampen.

Ørjan Brattetveit

Voss Hk tapte heime i Voss idrettshall 20-22 mot Bjørnar i 2. divisjon onsdagskveld. Heimelaget fekk ein pangopning på kampen, og leia kjapt 3-0. Bortelaget kom litt innpå utover i omgangen, men Voss hadde tilsynelatande kontroll - ikkje minst på grunn av keeper Marta Wawrzynkowska . Ho stod som ein vegg og var banens desidert beste spelar.

Også i 2. omgang opna Voss best. Men Bjørnar jobba godt, og heimelaget byrja å gjera fleire pasningsfeil. Fem minutt ut i 2. omgang var bortelaget i leiinga med eitt mål. Då svara Voss raskt og tok igjen kontroll på kampen. Og utover i omgangen varierte Voss med å leia med eitt eller to mål. Til det stod åtte minutt igjen, då overtok Bjørnar og drog i land ein tomålssiger.

- Dette var ein slitekamp med to svært gode spelarar i mål. Voss sin keeper var utruleg god. Me vann kampen fordi me ville mest på slutten, seier Bjørnar-trenar Anders Aarseth.

Voss-kaptein Christine Almeland Tveit oppsummerer kampen slik:

- Me var gode i forsvar. Det er bra å berre sleppa inn 22 mål. Men me utnytta ikkje sjansane vore godt nok i dag. Me vinn ikkje kampar ved å skåra berre 20 mål.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.