annonse

Tett i sporet under ljoskastarane

FULL FART
FULL FART: Spruten står, der Marte Aalvik kjempar seg oppover den brattaste bakken i løypa. Ingenting å seia på innsatsen! (Foto: Rolf Tepstad)

– Me hadde håpa på hundre deltakarar eller så. Men så fekk me heile 162 på startstreken. Kjempebra, synest rennleiar Helge Finne.

Rolf Tepstad

Onsdag kveld gjekk fyrste runde av Vossakarusellen i langrenn, som er ei heilt ny fellessatsing mellom seks idrettslag sentralt på Voss.

– Fram til i fjor hadde kvart av laga sine eigne karusellrenn, men med stadig fallande deltaking. Difor har me no bestemt oss for ei fellessatsing, der me etter tur skal vera tilskipar, seier Finne, som representerer Voss IL.

Neste gong (24. januar) vert Voss Skiskyttarlag tilskipar. Deretter fylgjer Vargar, Viljar, Bjørgum og Ørnar, før det vert fellestilskiping på siste renndag 7. april. Alt saman i Voss ski- og tursenter.

Veninner på ski

– Veldig kjekt å gå på ski, synest Sigrid Døssland, som fekk det strålande flotte startnummeret 100 i rennet.

Veninna Marte Aalvik rett bak i påmeldingskøen fekk fylgjeleg nr 101, og skal dermed starta 15 sekund bak ut frå stadion. Distansen er 1 km, ein runde som i prinsippet går rundt stadion, men som har ein seig og stadig brattare motbakke som fyrste utfordring.

– Trenar de mykje langrenn?

– Eg trenar to til tre gonger for veka. Og så går eg renn i tillegg, seier Sigrid, som seinast sundag gjennomførte Vargarrennet i fin stil.

– Eg synest òg det er kjekt å gå på ski. Men eg trenar ikkje fullt så mykje, kanskje ein gong for veka, seier Marte. Begge går i 3. klasse på Gjernes skule, får Hordaland vita.

Hotdog til alle

– Litt av bakgrunnen for Vossakarusellen er òg at me ynskjer visa fram kor fint anlegget her oppe i Voss ski og tursenter faktisk er. Karusellrenna er lågaste nivået for deltaking i langrenn, eit rekrutteringsrenn der deltakarane kan velja om dei vil gå på tid eller ikkje, kan Finne fortelja. Vona er såleis at deltaking i karusellrenn skal vera sporen til meir seriøs satsing sidan.

Av dei 162 på startstreken onsdag var godt over 90 prosent i alderen 4 til 13 år. Storparten av desse gjekk ikkje på tid. I dei eldre årsgrupper valde dei fleste å gå på tid, og det var tydeleg at dei gav alt i rundane rundt 1 km-sløyfa. I alle fall spruta det godt kring løparane, då dei skøyta seg oppover brattbakken mot åsen ovanom stadion. Der var det òg «matstasjon» for løparar som hadde gjort unna runden sin: rykande varm pølse rett frå grillen!

– Det var mest kjekt å gå her i kveld, eg vart ikkje så veldig trøytt, seier Hanna Brekkhus Møn medan ho knaskar på hotdogen sin. Hanna går i fyrste klasse på Palmafossen, kan ho fortelja.

Men korleis gjekk det med dei to veninnene frå Gjernes skule?

– Eg såg knapt Sigrid att i løypa. Ho berre forsvann der framme, kan Marte Aalvik fortelja. – Ja, i dag gjekk det bra unna, stadfestar Sigrid Døssland. I målområdet var dei to veninnene likevel saman att, då det vanka saft og premiar etter vel gjennomført løp.

– Godt føredøme

Sponsor for Vossakarusellen er elles dei to lokalbankane på fellesen. Dei sponsa både «pølsebua» og gratis parkeringsplass for kvelden. Tilskipar Voss IL kosta elles saft og premiar, som var små skifigurar og ymse anna etter fritt val.

Voss Sparebank sin banksjef Jørund Rong stilte òg til start i løpet, og viste at han slett ikkje hadde gløymt gamle kunstar. Klar klassevinnar, kunne rennleiar Finne konstatera etter fem rundar rundt stadion og påfylgjande målgang.

– Men eg var nok litt for optimistisk på fyrsterunden, gjekk meg på ein liten smell. Men så roa eg tempoet litt, og synest alt i alt det vart eit bra løp, seier Rong til Hordaland, medan han tek dyktige supar frå drikkeflaska etter innsatsen.

– Var elles ein storarta kjekk kveld dette. Flotte løyper og veldig godt frammøte. Burde vera god reklame for skisporten. Og sidan banken sponsar tilskipinga, synest eg det var viktig å stilla på startstreken, og vera eit godt føredøme, seier Rong.

Nokon duell mellom dei to bank-sponsorane fekk publikum likevel ikkje denne kvelden. Kollega Stig Gunnar Røthe i Vekselbanken hadde lovleg forfall, bortreist på forretningsreise. Så kanskje neste gong?


Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.