annonse

Therese Knag skal ta maten heim

NY MATSJEF
NY MATSJEF: Therese Knag frå Bergen er klar for Voss og jobben som kostøkonom i Voss kommune frå slutten av august. (Foto: Privat)

Voss kommune har tilsett Therese Knag (48) i den nye nykkel­stillinga som kostøkonom. Ho får dermed hovud­ansvaret for prosessen med «å ta maten heim».

Rolf Tepstad

Knag er klinisk ernærings­fysiolog av yrke, med Haukeland sjukehus som arbeidsgjevar, men er akkurat no i permisjon fordi ho skriv masteroppgåve i internasjonal serviceleiing.

– I tillegg har eg fagbrev som kokk. Så jobben på Voss er midt i blinken for meg. Nesten som ei gåve frå ovan, seier ho entusiastisk.

Startar i august

– Når tenkjer du å starta i jobben?

– Måndag 20. august vert fyrste arbeidsdagen på Voss, og eg gler meg enormt, seier ho.

Masterstudiet føregår elles ved Universitetet i Stavanger, og samtalen med Hordaland finn stad via mobiltelefon, i bilen heim frå førelesning i oljehovudstaden.

– Tenkjer du å flytta til Voss?

– Eg lyt i alle fall skaffa meg ein hybel på Voss, men buadressa vil nok framleis vera Bergen. Ikkje minst fordi to av dei tre borna mine framleis går på skulen her, og ikkje ynskjer å flytta. Men heile familien er veldig glade i Voss, både ski om vinteren og fotball – Voss Cup – om sommaren. Seinast no i påsken hadde me hotellferie i Myrk­dalen. Så Voss er heilt topp!

Imponert av Voss

Therese Knag er også imponert over vossingar reint generelt, kan ho fortelja.

– Sett frå Bergen er det heilt imponerande kor mykje de får til på Voss, og på så mange ulike plan. Eksremsportveko, Voss Cup og Vossa Jazz til dømes. Vossingar er innovative og spenstige, heile tida, verkar det som. Personane eg møtte gjennom tilsetjingsprosessen understreka elles dette. Dyktige og profesjonelle. Så eg gler meg verkeleg til å verta nærare kjent med folket der oppe, seier Knag.

– Med omsyn til det kommunale kjøkkenet, når kan me venta at det er oppe og går?

– Dét har eg lite grunnlag for å seia noko om, førebels. Fyrst skal prosjektet utgreiast skikkeleg, så får me ta løysingar og tidsplan etter kvart. Frå mitt hektiske liv som student, har eg heller ikkje fått fylgt prosessen så tett at eg er heilt oppdatert på status nett no, seier ho.

– Men travelt vert det nok, når alt skal på plass, seier Therese Knag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.