annonse

Tidenes påske og sesong for skiheisane

HANGURSTOPPEN
HANGURSTOPPEN: Her får rattkjelkegjengen gode tryggleiksråd av Gunvor Wæhle i Vossamoro – før dei kasta seg i veg nedover dei stupbratte henga i Bavallen. (Foto: Siri Flatlandsmo)
BREITT SMIL
BREITT SMIL: – 23 prosent trafikkauke frå påsken i fjor, heilt enormt bra, seier adm.dir. Harald Haaland i Myrkdalen Fjellandsby. (Foto: Tor Halvorsen/Arkiv)
REKORDEN SLÅTT
REKORDEN SLÅTT: – Me passerte vår tidlegare rekord for alpingjester alt langfredag, seier dagleg leiar Anna Bryn i Voss Resort Fjellheisar. (Foto: Benjamin Berdous/Arkiv)

21.000 alpingjester i Bavallen og heile 24.326 selde dagskort i Myrk­dalen gjer påsken 2018 til tidenes beste begge stader.

Rolf Tepstad

– Og med god margin, seier Harald Haaland, administrerande direktør i Myrkdalen Fjellandsby.

– Godt over 24.000 gjestande totalt i heisar og trekk gjennom påsken er ein auke på 23 prosent frå i fjor. Men folk kjøpte òg dyrare kort i år, fleire timar, slik at totalen økonomisk auka med heile 29 prosent, seier Haaland.

– I tillegg var hotellet smekk fullt frå onsdagen og utover, der me og hadde ei rekkje større arrangement. Stavangerkameratene samla åleine 600 personar!

På plussida kan Haaland òg melda at det trass i rekordtrafikk ikkje var ulukker eller alvorlege uhell i skibakkane denne påsken.

Snart ny årsrekord

– Korleis ligg sesongen an totalt, no som påsken er summert?

– Ingen tvil om at me når all time high også der. Sesongen i fjor enda med 146.669 daggjester, som er den gjeldande rekorden. Men med tala for påsken inne, har me alt passert 140.000 stk. denne sesongen. Og framleis har me ein heil månad att for alpinanlegget. Årsrekorden kan såleis falla alt til helga, når me byr inn til årets største after-ski her i Myrkdalen, seier Haaland.

Og elles er det tett med program kvar einaste helg framover: toppturhelg, 40-årsfest for freestyle på Voss, og ikkje minst ei langhelg med festivalmoro heilt sist i månaden, der mellom anna veteranane i Vazelina Bilopphøggers skal halda konsert.

– Så sesongen 2017–2018 vil utan tvil gå inn i historia som vår aller beste nokon gong. Så langt!

Bavallen: Ny rekord

Hjå Voss Resort i Bavallen er ikkje jubelen noko mindre etter ei lang og solfyld påskehelg.

– Me hadde 21.000 gjester i løpet av påsken, med 3,500 på langfredag som prikken over i’en. Men dei andre dagane var ikkje stort dårlegare, seier dagleg leiar Anna Bryn i Voss Resort Fjellheisar.

– Totalt har me dermed passert vår gamle rekord på 110.000 gjester i ein og same sesong. Så heretter vert det berre rein bonus!

For heller ikkje hjå Voss Resort er sesongen slutt, om enn me skriv april og påsken er omme.

– Me har to helgar att før me stengjer. Siste helga er det òg Voss Freeride, frikøyringscup der me ventar rekorddeltaking. Då held me òg offisiell sesongavslutning, med garasjefest i den 800 kvadratmeter store hallen vår i Tråstølen. Der skal partybandet Flying Dancing Kings spela, opplyser Bryn, som ventar seg stinn brakke.

– Og elles har me ope i heisar og trekk alle vekedagar òg. Til glede både for pensjonistar og entusiastar i alle aldrar. Så framleis er det full rulle, forsikrar Voss Resort Fjellheisar sin daglege leiar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.