annonse

Tidlegare tilsett til sak mot Fleischer’s

SAKSØKTE FLEISCHER’S
SAKSØKTE FLEISCHER’S: Ein tidlegare tilsett har gått til søksmål mot Fleischer’s Hotel. Partane skal i retten i slutten av april. (Foto: Rolf Tepstad)

Ein tidlegare tilsett har gått til søksmål mot Fleischer’s Hotel AS for urettmessig avskil.

Ingvild Siglen Berger

Partane skal møta i Bergen tingrett i slutten av april, der det er sett av to dagar til hovud­forhandling i saka. Fleire personar skal i vitneboksen. Hordaland har tilgang til sluttinnlegga frå begge partar.

Der kjem det fram at saksøkjaren krev oppreisingserstatning på 60.000 kroner frå hotellet, i tillegg til 283.339 kroner for tap av løn, overtid og feriepengar, med tillegg av forseinkingsrente. Vidare legg advokaten òg ned påstand om at saksøkjaren vert tilkjent sakskostnadar.

– Ikkje sakleg grunn

Bakgrunnen for søksmålet er ifylgje den tidlegare tilsette ei urettmessig utestenging av arbeidsgjevar frå arbeidsplassen, tilbake i juni 2017. Det skal føreliggja eit munnleg avskil, men saksøkjaren hevdar gjennom sin advokat at formkrava i arbeidsmiljølova ikkje er fylgt då saksøkjar ikkje har fått noko avskilsbrev, og at arbeidsgjevar difor har gjort sakshandsamingsfeil.

Saksøkjaren meiner òg at det ikkje ligg føre nokon sakleg grunn til avskil, då arbeidsgjevar ikkje skal ha gjeve eit grunnlag for avskilet.

Saksøkjar kjem òg med alvorlege påstandar om bruk av trugsmål og vald frå arbeidsgjevar si side. Det er mellom anna på bakgrunn av dette at advokaten krev oppreisningserstatning for sin klient.Vidare påstår saksøkjar gjennom sin advokat at det ikkje har vorte utbetalt eit skikkeleg sluttoppgjer. Difor vert det kravd utbetaling av både feriepengar, overtidsbetaling og ubetalte lønstimar som saksøkjar hevdar krav på.

– Ingen kommentar

Den saksøkte parten hevdar på si side at arbeidsgjevar må frifinnast for kravet om oppreisingserstatning, subsidiert at erstatninga må setjast langt lågare enn saksøkjar krev. Det kan ein lesa i sluttinnlegget som skal førast for Bergen tingrett, der det også mellom anna står at det må gjerast ein skjønsmessig reduksjon av saksøkjar sine registrerte arbeidstimar då arbeidsfri tidvis skal ha vore registrert som arbeidstid.

Fleischer’s sin advokat vil òg hevda at episoden mellom saksøkjar og arbeidsgjevar heller ikkje var av ein slik karakter at dette inneber ein avskil, i samsvar med Arbeidsmiljølova sin paragraf 15-14. Paragrafen sin ordlyd er her som fylgjer: «Arbeidsgiver kan avskjedige en arbeidstaker med påbud om øyeblikkelig fratreden dersom denne har gjort seg skyldig i grovt pliktbrudd eller annet vesentlig mislighold av arbeidsavtalen».

Tønjum: – Ingen kommentar

I sluttinnlegget frå saksøkjar sin advokat vert det frå deira side hevda at saksøkjar ikkje har vore skuldig i eit grovt pliktbrot eller anna vesentleg misleghald av avtalen som kan danna grunnlag for avskil.

Hordaland har vore i kontakt med hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum, som ikkje vil kommentera saka.