annonse

Tidlegast opning av vegen måndag

STORE BLOKKER
STORE BLOKKER: Slik ser det ut etter det voldsomme regnvêret, med påfylgjande skred, i Modalen. (Foto: Kjetil Eikefet)

Skredet som gjekk over fv. 569 mellom Mo og Romarheim tysdag, stengjer framleis vegen.

Jan-Egil Dyvik

Onsdag starta oppryddinga etter skreda, der sju personar måtte evakuerast. Ny vurdering vert gjort måndag.

– Har forståing

– Eg har forståing for at det tek tid å opna vegen etter at så pass mykje har kome ned og øydelagd vegen, seier modalsordførar Tom Kristian Thorsen.

Både han og rådmannen, sistnemnde bur på Radøy og pendlar til og frå Mo, har ferie denne veka.

– Slik sett kan ein seia at det ikkje er så gale for oss, men sjølvsagt for alle andre som treng dette sambandet til E39, seier Thorsen.

KAOS
KAOS: Jord- og steinmassane har nærast vaska vekk vegen fleire stader. Foto: Kjetil Eikefet

Beredskapen

Legevakt får dei frå Voss når det trengst, og dei har avtale med legen i Masfjorden.

– Han køyrde rundt over Nordhordlandsbrua i går, og overnatta i Modalen. Så både han, barnehagen og Modalstunet og alle andre omstiller seg så lenge dette varer, seier ordføraren.

Men for all del, både for beredskapen, skulen og alle andre, er det viktig å ha denne vegen open.

– Så me håpar at stenginga må verta så kort som mogleg, seier Thorsen.

Ny vurdering måndag

Vegen vil vera heilt stengd fram til måndag, oppryddinga held no på.

– Her vil dei jobba fram til måndag, og då vil Statens vegvesen vurdera om det går an å opna vegen morgon og ettermiddag, heiter det på nettsida til kommunen.

Kor lang tid det tek før vegen er heilt i orden vanskeleg å seia noko sikkert om, men Vegvesenet vil i størst mogleg grad halda vegen open for pendlarar.

– Måndag kl. 10 skal det vera synfaring på vegen, og etter det vil me vita meir, heiter det.

Les òg:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse