annonse

Til sjukehus etter våpenuhell på Reimegrend

FRAKTA MED HELIKOPTER
FRAKTA MED HELIKOPTER: Ein person er frakta med luftambulanse. Biletet er frå ei anna ulukke. (Foto: Geir Geitle / arkiv)

Ein person er frakta med luftambulanse til Haukeland.

Stine Strand Carlsen

– Uhellet har skjedd med eit luftvåpen på Reimegrend, melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 16.47.

Ein person er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse for sjekk.

Politiet gjer undersøkingar

– Politiet er på staden og undersøkjer forhaldet, skriv politiet.

Skadeomfanget er førebels ukjend.

– Me veit ikkje kva som er årsaka til uhellet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

NTB skriv at politiet fekk melding om hendinga klokka 14.15 sundag ettermiddag, og at det var fleire vitner då ulukka skjedde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse