annonse

Til Voss for å selja bøker

BØKER
BØKER: Kompisane Mageto Joash Magati, Kiplimo Elicky og Kirui Stephgn sel bøker for å tena pengar til utdanning i Kenya. (Foto: Marita Saue Hamre)

Pengane skal gå til utdanning i heimlandet Kenya.

I desse dagar går Mageto Joash Magati, Kiplimo Elicky og Kirui Stephgn frå dør til dør på Voss, og sel bøker.

– Me har blitt tatt kjempegodt imot, og alle her på Voss er hyggjelege med oss når me kjem på døra, seier Kiuri.

Dei tre er frå Kenya, og har kome til Noreg for å tena pengar til utdanning i heimlandet sitt.

Studerer i heimlandet

Mageto studerer psykologi, Kiplimo studerer til å bli lærar og Kirui studerer journalistikk med fordjuping i økonomi.

– Me får 45 prosent av salet, og dei pengane skal me nytta til utdanninga, fortel Mageto.

I samarbeid med Norsk bokforlag skal dei selja bøker i Vossa-området.

Dei har ein månad igjen av opphaldet, som varar totalt tre månadar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.