annonse

Tiljamid legg ned butikken

AVSLUTTAR
AVSLUTTAR: Therese Wigstrand legg ned klesmerket Tiljamid etter litt over 10 år. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Etter vel 10 år stengjer Tiljamid dørene for godt. Nettbutikken legg også ned.

Marita Saue Hamre

– Dette er veldig trist. Me hadde håpet oppe om at det skulle bli betre økonomisk, men slik blei det dessverre ikkje, seier dagleg leiar, Therese Wigstrand.

Ho har valt å leggja ned både butikken på Voss, og nettbutikken.

– Me klarer ikkje å betala rekningane og lånet, då er det berre éin ting å gjera, fortel ho.

10 år

Klesmerket Tiljamid starta i 2007 då ho opna den fyrste butikken på Voss. Med åra har bedrifta blitt utvida med nettbutikk, butikkar i Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Drammen og éin i Sverige. Men det var ikkje nok til å få hjula til å gå rundt.

– Etter ei tøff tid i 2016, og i tillegg til stenging og graving ved Sverresplass utanfor butikken, så vart det kroken på døra for oss, forklarar Wigstrand.

I 2016 bestemte Wigstrand seg for å leggja ned butikkane som var på Vestlandet, Austlandet og i Sverige, for å prøva å konsentrera seg om butikken på Voss og nettbutikken. Men no er det altså slutt. – Me hadde siste opningsdagen i butikken på Vangen før jol, fortel ho.

Hadde store planar

Etter det tøffe året i 2016 hadde Tiljamid-gründeren planar om å flytta butikken som ligg i Uttrågata, til eit mindre lokale i Vangsgata.

– Me hadde planar om det, og det kunne blitt ein ny start med betre plassering av butikken, seier ho.

Men på grunn av diverse utbetalingsproblem og liknande frå dei nedlagde butikkane, vart det ikkje mogleg å flytta og opna ny butikk.

– Det er berre leit og synd, synest ho.

Var eit eventyr

Wigstrand har heilt sidan opninga av den fyrste butikken hatt eit eige design på kleda. Ho har alltid hatt lyst til å laga miljøvenlege, praktiske og morosame klede som varar lenge.

– Eg gjekk litt mot straumen då eg laga til plagg som skulle vare lenge. Til dømes har plagga fleire knappar som gjer at borna kan ha dei lenger enn andre klede, når dei veks, forklarar ho.

Det starta med klede til born, men dei siste åra har ho òg laga klede til vaksne.

– Det har vore eit eventyr.

– Veldig trist

Etter at Wigstrand la ut ein status på Facebook-sida til Tiljamid før jol om at dei legg ned butikken, har det strøymt på med støttande meldingar frå kundar.

– Me har mange kundar som er leie seg for at me legg ned, og me ser at det er eit godt og mjukt klesmerke som forsvinn frå marknaden, fortel gründeren.

Mellom dei kommentarane som er på Facebook-sida, er det fleire som synest det er trist og dumt at Tiljamid legg ned.

Sjølv om Wigstrand no opplever motgang, så har ho andre hobbyar òg.

– No har eg blitt med på Vossahestur. Det er riding og stell av hestar, og så går me på tur i skogen og på bane med hestane, avsluttar ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.