annonse

Tilrår å bruka nemninga «Dalesetret»

DALSETRET
DALSETRET: Nemninga på houvdstølen for garden Dale, skal vera «Dalesetret», og ikkje Dalestølen, ifylgje Gunnstein Akselberg, stadnamnkonsulent i Stadnamntenesta på Vestlandet. (Foto: Svein Ulvund/Arkiv)

Gunnstein Akselberg, stadnamnkonsulent i Stadnamntenesta på Vestlandet, rår til at nemninga på houvdstølen for garden Dale, skal vera «Dalesetret», og ikkje Dalestølen.

Jan-Egil Dyvik

Bakgrunnen er at Oliver Klose i eining for samfunnsutvikling i Vaksdal kommune, har bede om ein uttale i saka.

Kommunen er i gang med å førebu vedtak på vegadresser til resten av eigedommane med matrikkeladresse i kommunen.

– Det er mange stølar som vil få ei vegadresse i denne omgangen – fleire adresserte til næraste veg – og to stølsområde som er føreslegne med nye områdeadresser, skriv Klose.

Desse to er Dalestølen og Eksestølen, Begge ligg langt frå vegen og ber etablerte stølsnamn som også er registrerte i kartet.

Utfordringar

– Det kan likevel verta ei utfordring då nokre grunneigarar til Dalestølen er vande med å omtala området som Dalesetra. Bygningane er flytta og står i dag nokså samla på ei høgde over Dale, skriv Klose.

Det er også andre stølar som skal adresserast til vegadresser, slik som i Hesjedalen, på Flatekval og på Lavik til dømes.

Akselberg skriv i svaret sitt at i ein del av fylket, mellom anna i tidlegare Bruvik herad og Osterøy kommune, er ordet støl nytta med tydinga «mjølkeplass».

– I same området er inkjekjønnsordet eit seter, brukt med tydinga «støl med sel der bøndene budde og dreiv seterdrift». Det gjeld også i den delen av tidlegare Bruvik herad, som no høyrer til Vaksdal kommune, heiter det.

Namnesak

Akselberg i Stadnamntenesta rår altså til at Dalesetret vert brukt i offentlege samanhengar.

Samstundes vert det sendt eit brev til Kartverket der ein bed om at dei set i gang ei namnesak for dette namnet.

Når det gjeld namnet Eksestølen i Eksingedalen, som stadnamntenesta også er beden om å uttala seg til, så er det tilrådeleg at dette vert brukt som adressenamn, skriv Akselberg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.