annonse

Tilrår småskalautvikling for reiseliv og opplevingar i Bergsdalen

KART
KART: Slik vert Bergsdalen framstilt på eit kart i mogelegheitsstudien. (Foto: Illustrasjon frå MIMIR)

Ei heilårs opplevingsløype langs Bergsdalsvassdraget vil binda dalen saman på ein god måte.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram av ein moglegheitsstudie for Bergsdalen.

Det er verksemda MIMIR, som er eit rådgjevingsfirma for reiselivet, som er engasjert til å laga studien, som vart ferdig like før jul.

MIMIR føreslår ei moderat småskalautvikling for Bergsdalen. Det er også tufta på det aktørane i dalen sjølve ynskjer.

– Ei heilårs opplevingsløype langs vassdraget vil binda dalen saman på ein god måte. Det vil gjelda både for noverande og nye funksjonar og tilbod, heiter det.

I tillegg kan dette verta eit samarbeidsprosjekt – også symbolsk – slik at Bergsdalen på ny får eit samla bygdefolk, kjem det fram i studien.

Skulen på Lid

Å ha ei småskalatilnærming vil møta etterspurnaden frå dagens hytteeigarar, gjestar på Bergsdalstunet, DNT-vandrarar, og ikkje minst frå dei som alt er busette i dalen.

Skulen på Lid har fått sitt eige punkt i studien. Skulen er ein viktig møteplass og har ein sterk symboleffekt i lokalsamfunnet.

Ideane som er komne fram er at skulen kan brukast som forsamlingshus for bygda, produksjonslokale og/eller næringshage. Bygningsmassen og området rundt treng alt no oppgradering og opprusting.

– Det vil truleg vera krevjande å forvalta og drifta dette vidare, om det skal basert på dugnad og entusiasme, kan ein lesa i studien.

Ved å bruka delar av bygningen som produksjonslokale for til dømes syltetøy og annan lokalmat, vil ein få inn ein lokal kjerneaktivitet. Det kan gje grunnlag for ein lokalmatbutikk som også kan selja andre basisvarer, føreslår studien.

Tydelege eigarforhold

Ei utandørs opprusting av skulen og området, kan gjera det eigna også for uteaktivitetar og forbetra overgangen mot ljosløype og skileik. Ungdomshuset like ved skulen kan vera ein del av dei same opplevingane, og bør integrerast i planane.

Men, det er krevjande å driva skulen som ein kombinasjon av forretning og foreining. Det må vera tydelege eigarforhold og avtalar for investeringar og drift.

Knutepunkt

Dersom ein får dette til å fungera, så kan skulehuset også vera med på å lyfta Lid og Brekke til eit viktig knutepunkt for opplevingar i Bergsdalen.

Bergsdalshytta, rett før Lid på veg opp dalen, er også nemnt som eit spennande prosjekt som må utviklast. Her er det planar om oppstart dette året.

Parallelt med at tilboda vert utvikla er det naudsynt å marknadsføra og informera om at tilboda finst.

Dersom det ikkje alt er etablert ei Facebookgruppe der folket i dalen, hytteeigarar og andre interesserte kan kommunisera, så må det gjerast, vert det føreslege.

Samarbeid og tillit

Eit anna viktig kriterium for å få til utvikling er samarbeid og tillit mellom aktørane.

– Ein må godta at ein ikkje kan verta samde om alt. Det er viktig å heia på dei som torer – og ikkje minst dei som lukkast. Klarer ein det, så kan Bergsdalen på ny verta eit samfunn med stor gjennomføringsevne, konkluderer moglegheitsstudien med.

Til formannskapet

Studien skal vera eit «reiselivs- og opplevingsfagleg innspel» – som det heiter – til Norconsult sitt arbeid med kommuneplanen for Vaksdal.

Einingsleiar i Vaksdal kommune, Willy-Andre Gjesdal, fortel at planen er at formannskapet skal handsama planen i slutten av denne månaden.

Arbeidet med studien vart utført i perioden september-november i fjor, og det har vore halde tre møte med dette som tema.

Mange hytter

Ein reknar at det er rundt 300 private hytter i fjellområda øvst i dalen opp mot grensa til Voss. I tillegg kjem rundt 500 hytter i Kvam og Voss rett over kommunegrensa ved Hamlagrø. Hyttene i dalen og all aktiviteten kring desse, er rekna som viktige for Bergsdalen si utvikling framover.

Undervegs i prosessen er det kome fram mange forlag til tiltak. MIMIR har peika på ein del overordna grep som kan utløysa ny aktivitet.

– Me har såleis ikkje kome med realitetsvurderingar av dei enkelte tiltaka, skriv dei mellom anna i studien sin.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.