annonse

Tingingsverket med tøff, drivande vestkystrock

SJEFEN SJØLV
SJEFEN SJØLV: H.P Gundersen, som då han steig inn på scena retta stor takk til «Trude-jazz» for oppdraget med å skriva tingingsverk til festivalen. (Foto: Karl Ystanes/arkiv)

Tingingsverket «Los Angeles» var eit varmt møte med amerikansk vestkystrock.

Rolf Tepstad

Det ni mann sterke bandet The Last Hurrah, med Hans Petter Gundersen i spissen, serverte nyskriven musikk, men likevel musikk med lett attkjennelege element frå musikk nordmenn flest har lytta til dei siste 50 åra.

Element var tappa frå kjelder over heile spekteret frå Eagles til Steely Dan, og elles fylt opp med høgoktan blues, soul og roots.

Helen E. på sax

Ei bru mellom Vestkyst og Vestland, lydde førehands­reklamen.

Musikalsk var det nok vestkyst heile vegen, men i det ni mann sterke bandet var det tett med vestlendingar. Fyrst og fremst bergensaren HP, sjølvsagt, men i tillegg ikkje minst Helen Eriksen frå Dale, som gjennom heile konserten fekk briljera med sin saksofon. Sentral rolle hadde òg fiolinist David J. Vogt, mellom anna kjend frå Real Ones. Tangentvirtuos Kåre Sandvik har elles medverka i vestnorske band like frå Hole In The Wall til Good Time Charlie.

Mest sentral i lydbiletet var uansett HP og hans gitar, som trylla fram lekre riff og ikkje minst kasta seg inn i tunge, drivande soloraid.

Rimfritt levd liv

I blant hekta han også av seg gitaren, og henta fram ein supplerande steelgitar, for riktig å tapetsera lydbiletet.

Musikken var skriven av HP sjølv, medan den amerikanske vokalisten Maesa Pullman hadde skrive tekstane. Dei var ikkje alltid like lette å få tak i, men syntest å ha levd liv og beiske erfaringar som gjennomgåande tema.

– You came in the night, to the end of the road, starta verket, men undervegs her var òg låtar som hylla kjærleiken og livet i det heile.

Pullmann sin poesi har korkje rim eller gjentaking. Låtane var dermed ikkje i landskapet vers-refreng, men av oppbygging meir som verk frå jazzen eller den klassiske musikken. Også dét eit spennande grep!

– 12 minutt av verket vil elles liggja tilgjengeleg for nedlasting etter klokka 12 i natt, kunne HP fortelja ved enden av konserten.

Karakter: 4 av 5 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.