annonse

To bilar i ulukke på Eidslandsvegen

TO BILAR I KOLLISJON
TO BILAR I KOLLISJON: Ulukka skjedde ved Høgabergtunnelen. (Foto: Kartutsnitt)

To bilar med to personar var involverte i ei trafikkulukke på Eidslandsvegen omkring klokka 07.30 onsdag morgon.

Ingvild Siglen Berger

Naudetatar rykte ut til ulukkesstaden, som var i Høgabergtunnelen like ved Eidsland. 

– Det er meldt om personskadar. Ein førar føler seg kvalm og uvel. Ambulanse og brannvesenet er framme, medan politiet er der straks, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Han opplyser at dei involverte er køyrde til Dale for sjekk. 

– No vert skadestaden rydda og så vil vegen opna att om ei lita stund, seier Magnussen til Hordaland klokka 08.42.

Klokka 09.24 melde Vegtrafikksentralen vest at vegen var open att. 

Bjørn Inge Aarsand i politiet på Voss opplyser at dei har oppretta undersøkingssak etter ulukka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.