annonse

To bilar kolliderte

Sara Finne

VOSS: I 18.30-tida måndag kolliderte to bilar front mot front ved Palmafossen. Politiet opplyser at ulukka skjedde fordi den eine bilen ikkje heldt vikeplikta. Det sat ei kvinne og ein mann i den eine bilen, og ein mann i den andre. Ein person vart sendt til legevakta etter ulukka, men ingen av dei involverte vart alvorleg skadde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.