annonse

To menn frå lokalsamfunnet omkom

TRAGISK ULUKKE
TRAGISK ULUKKE: Robert Veseth, lensmann i Voss politidistrikt, arbeider no med å finna tekniske bevis som kan gje årsaka til ulukka på Dale. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Det var to menn på 19 og 22 år som omkom i motorsykkelulukka på Dale.

Katrine Nordanger Mjelde

Det var to menn på 19 og 22 år som mista livet i motorsykkelulukka natt til torsdag på Dale. Begge to er heimehøyrande i Vaksdal kommune.

– Me prøver no å finna tekniske bevis som kan gje oss årsaka til den tragiske dødsulukka, seier Robert Veseth, lensmann i Voss politidistrikt.

Ulukka skjedde i 02-tida natt til torsdag. Dei to mennene vart erklært døde på staden.

No held politiet på å gjennomføra fleire tekniske undersøkingar og avhøyrer personar som kan ha opplysningar om ulukka.

Ifylgje lensmannen er alle pårørande varsla om ulukka. 

Tragedie

– Det er heilt forferdeleg og ein kjempetragedie, seier ordførar Eirik Haga. 

Kriseteamet som er sett i verk i Vaksdal kommune har kontakt med begge familiane til dei omkomne.

– Teamet er tilgjengeleg for pårørande. Det er sjølvsagt ulikt kva folk ynskjer, men me er til stades for den oppfylginga dei måtte ynskja, seier Haga. 
No er det minst åtte personar som er involverte.

Teamet består mellom anna av psykiatrisk sjukepleiar, prest, helsesyster og miljøarbeidar.

– Me tilbyr òg pårørande, venner og kjenningar eit lokale til dispensasjon om dei skulle ynskja å samla seg. Her kan òg personar frå kriseteamet vera med og gje hjelp. 

– Me vil vera på tilbodssida, men ikkje trengja oss på, seier Haga. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.