annonse

To skadde etter front mot front

I TUNELL:
I TUNELL: To førarar vart skadde etter at ei trafikkulukke i Langhelletunnelen langs E16 onsdag. (Foto: Illustrasjon)

To førarar er skadde etter ulukka i Langhelletunnelen på E16.

Marita Saue Hamre

Vest politidistrikt melde om ei trafikkulukke i Langhelletunnelen på E16 like før klokka 14.30 onsdag.

– To personar er skadde etter kollisjonen, men ikkje alvorleg. Det er meldt om store materielle skadar, seier Arild Amundsen hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Ifylgje politiet var ein varebil og ein personbil involverte i ulukka.

– Det er ikkje sikkert kva som skjedde. Ein person har opplyst å ha smerter i hofta, medan den andre har smerter i brystet, melder politiet.

Krasja i fart

Amundsen fortel at ulukka skal ha skjedd i om lag 60 km/t inne i tunnelen, lengst mot Voss.

– Ifylgje politiloggen har dei smerter, og vert sett til av helse på staden.

Airbagen i bilen skal ha blitt utløyst.

To bergingsbilar er køyrde ut til ulukkesstaden.

Fleire tunellar stengde

Langhelletunnelen, Stavenes- og Bogetunnelen vart stengde etter ulukka, men opna att like før 16-tida. 

– Det er store trafikale problem, melde politiet på Twitter like før klokka 15.

Langhelletunnelen ligg på E16 mellom Vaksdal og Trengereid. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse