Avisa Hordaland

«To vossahestar vann på Parken»

VOSS PÅ 1. OG 3.: Vossaeigde Iben H (nr 6) knip førsteplassen i det tette feltet, medan Løngspretten (nr 7) ved sida av tek tredjeplassen. FOTO: BERGEN TRAVPARK

To vossahestar vann på Parken

Publisert: 20.02.10 kl. 18.18
Skribent: Geir Geitle
E-post: gg@avisa-h.no

BERGEN: Vossahestane hadde ein god dag på Bergen Travpark fredag kveld. Både vossaeigde Hæve Alma og Iben H gjekk til topps i sine løp, og det vart også to tredjeplassar.

For vossahestane starta det med at Drageblæsen køyrde inn til 3. plass i 6. løp, og tok den første av topp tre-plasseringane for våre hestar. Km/tida vart 1.29.8 etter galopp. Med seg tilbake Voss utpå kvelden hadde eigarane Vidar og Rune Drageset ein premi på 5.000 kroner.


Iben H tok andre på rad

I 7. løp gjekk Iben H, kuska av Tore Håvardstun og eigd av Ivar Herre og Britt Emilie G. Bøe, til topps for andre gong på rad på travparken. Km/tid 1.35.2 i eit tett felt, og førstepremien var på 10.000 kroner.

I dette løpet køyrde i tillegg Løngspretten, eigd av Arne H. Skeie, inn til 3. plass, berre ei knapp halv lengde etter Iben H. Km/tid 1.35.2 etter galopp, og premi 3.500 kroner. Tempranella, eigd av Frida og Knut Dagestad,. kom på 7. plass og fekk 2.000 i premi.

I 9. løp køyrde Frk. Perny til Randi og Asbjørn Giljarhus inn til 7. plass, med km/tid 1.32.8 og 2.000 i premi.

Hæve Alma suveren

Og i kveldens siste, det 10. løpet, tok Hæve Alma førstepremien, og sytte for ei flott avslutning på dagen for vossahestane. Også Hæve Alma er ein hest eigd av Arne H. Skeie.

Hesten kuska av Odd Storetvedt var heilt suveren i løpet, med km/tida 1.34.0, og Skeie innkasserte 10.000 i premi.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur til Yksendalsstølen»

Tur til Yksendalsstølen

I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka

Bilete til saka «Nye elevar, nytt namn»

Nye elevar, nytt namn

ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

Siste frå Voss

PÅ TAKET: Bilføraren skal ha mista kontrollen på bilen då han kom utfor asfaltkanten. Bilen skar over i motsett felt og hamna i grøfta, fortel politiet. BEGGE FOTO: Daniel Melve Kvarme

Trafikkulukke på Løno

VOSS:  Ein personbil køyrde av vegen på Løno onsdag kveld. Ein mann i 40-åra vart køyrd til sjukehus i ambulanse.  / Les saka

ETTERLENGTA VEDLIKEHALD: Øvstedalsvegen skal få ein etterlengta opprusting. Voss kommune har sett av 7,65 millionar kroner til Øvstedalsvegen. Arkivfoto: Sjur Herre

Utbetrar Øvstedalsvegen

BOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

BETRE ENN RYKTET: Sist veke vart Modalen kåra til våtaste staden i Noreg for sommaren 2010. Måndag var bygda inst i Mofjorden nest varmaste stad i Noreg, så vidt bak Meråker. Arkivfoto: Vidar Herre

Modalen 24 grader og nest best

Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka

BESTIKKELSE: Utlendingane  byr på gratis bestikk for å nytta høve til å sjekke omgjevnadene hjå

Åtvarar mot utlendingar med bestikk

VOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka

Siste frå Vaksdal/Modalen

INNBROT: Natt til i dag har einkvan teke seg inn på Camillas Kro på Dale. Det er førebels uklart om noko er stole. FOTO | Jan Egil Dyvik

Innbrot på Camillas kro

DALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka

BETRE ENN RYKTET: Sist veke vart Modalen kåra til våtaste staden i Noreg for sommaren 2010. Måndag var bygda inst i Mofjorden nest varmaste stad i Noreg, så vidt bak Meråker. Arkivfoto: Vidar Herre

Modalen 24 grader og nest best

Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka

Bilete til saka «Frå farne tider»

Frå farne tider

Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen,  / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt