annonse

Tok breiflabb på 42 kilo i Osterfjorden

BEIST
BEIST: Hunden Ozzy snusar på den store fisken. (Foto: Privat)
SVÆR
SVÆR: Det var litt av ein fangst Tørbjørn Rørvik fekk på Stamnes. (Foto: Privat)
SKARPE TENNER
SKARPE TENNER: – Kjeften var stor som ein liten hybel, seier Rørvik. (Foto: Privat)

Torbjørn Rørvik skulle berre ut og henta krabbar til kvelds, då han såg beistet i garnet.

Stine Strand Carlsen

– Dette er det største levande vesenet eg har drege opp av Osterfjorden nokon gong, med god margin, seier Rørvik om den imponerande fangsten.

Rørvik er hytteeigar på Kallandsklubben på Stamnes. Fredag la han og kona ut på det som skulle verta den mest spennande fisketuren dei har vore med på.

– Garnet låg på seks meters djupn, 6-8 meter frå land, i nærleiken av Romarheim. Etter å ha vore på hytta 37 netter i sommar, tenkte me at me skulle få ei god krabbeavslutning på sesongen. Lite visste me om kva som venta oss!

– Grynta som ein gris

Monsterfisken hadde sett seg fast heilt i starten på det siste garnet.

– Fyrst då eg hadde fått han heilt opp i vassflata forstod eg at det var ein breiflabb og ikkje ein fantasiskapning me hadde med å gjera. Han var i høgste grad levande og grynta som ein gris, seier Rørvik.

Ekteparet gjorde ingen forsøk på å få beistet opp i båten, til det hadde dei for lite å hjelpa seg med.

– Me tjora han fast med tau langs skutesida, drog han til land, og fekk han til slutt opp på flytebryggja.

147 centimeter

På veg innover til bryggja, anslo Rørvik at fisken var på rundt 30 kilo.

– Men vekta viste 42 kilo! Og me målte han til 147 centimeter.

– Er dette ny rekord?

– Nei, eg veit det er folk som har fått breiflabbar på opp mot 100 kilo, på Hjelmås mellom anna. Men for meg er dette ein stor personleg rekord.

Eksklusiv matfisk

Rørvik la ut bilete av fangsten på den lukka Facebook-sida 5727 Stamnes, som han sjølv er administrator av. Kommentarane og gratulasjonane har vore mange.

– Folk verkar å vera svært overraska over at det finst så stor fisk i fjorden her inne. Det var i alle fall ei utruleg moro oppleving, seier Rørvik.

Breiflabb er ein eksklusiv matfisk, som mange betalar dyre dommar for å få på fatet. Sjølv skal Rørvik ha fisken for seg sjølv.

– Fisken er vakuumpakka i porsjonspakningar og komen i fryseboksen. No er det berre om å gjera å finna dei rette oppskriftene. Åtte kilo rein filet held nok gjennom vinteren, så får eg håpa på ny breiflabb til neste år!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.