annonse

Tok stafetten til topps

FØR
FØR: Einar Bystøl og Hallvard Børsheim på start i sentrum. Einar ringde Johan Børsheim og bad han senda ein av sønene for å konkurrera. - Og så sende han den sprekaste!
MÅL
MÅL: Einar Bystøl kjem i mål, men må sjå seg slått av Børsheim.
ISKALDE GUFS
ISKALDE GUFS: Toppen av Kvasshovden var for det meste innhylla i tåke. Vegen opp var sleip og bratt. Hallvard Børsheim kjente det godt i låra då han passerte målstreken - knappe fire minutt føre utfordrar Einar Bystøl.
LETTE STEG
LETTE STEG: På veg mot toppen. Kven ligg fyrst av Børsheim og Bystøl?
TYRST
TYRST: Børsheim treng litt drikka på drikkestasjonen ved Gunnarsete. To tredjedelar av løpet unnagjort, men den tøffaste biten er igjen. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
ETTER
ETTER: - Han slo meg, men eg er nøgd, seier Einar på toppen av Kvasshovden. Hallvard er mest oppteken av å koma seg ned att frå det gufsekalde fjellet for å hjelpa til på garden.

Einar Bystøl meinte Hallvard Børsheim trong ein ekstra puff opp motbakken, og sende med han stafettpinnen til topps i tåkeheimen.

  • Ingerid Jordal
Terje Hjartnes

På Brakanes står nokre hundre kvinner og menn som har til felles at dei er lette i beina og har god kondis. 1050 høgdemeter fordelt på ein 7,5 kilometer lang trasé ventar. Ein ser ikkje toppen på grunn av tåke og regn denne laurdagen. Det er ein sånn type dag då dei fleste ikkje ville prioritera å gå til fjells.

RINGDE HØVDINGEN. Einar Bystøl har fått Hordaland sin stafettpinne i si makt. Den har han sendt vidare til Hallvard Børsheim. Eller meir presist:

- Eg ringde høvdingen på Børsheim (Johan Børsheim, red.mrk) og bad han senda nokon som kunne konkurrera med meg opp fjellet. Og så sende han den sprekaste! Rett frå Dubai og heim for å konkurrera, seier Einar, og erkjenner at han nok ikkje er heilt på nivå med sprekingen Hallvard Børsheim når motbakkane skal forserast.

- Du ser seig ut. Eg er ikkje så sikker på at eg slår deg, seier den nesten 20 år yngre Hallvard.

BAKKEMÅL. Einar Bystøl er 55 år. Han er ein ivrig mosjonist, busett på Voss, som er spesielt glad i å gå på langrennsski. Tidsmål for dagen: rundt 1 time og 10 minutt.

Hallvard Børsheim er 36 år. Han er oppvaksen i Ulvik, men er busett i Dubai. Der driv han ein del med hinderløp på flat mark. Tidsmål for dagen: rundt 1 time.

- Å springa på éin time er kanskje litt optimistisk. Eg veit kor vondt det blir oppi bakkane her. Trikset er å koma seg over den fyrste kneiken, seier Hallvard. Sjølv om han er busett i Dubai, er han definitivt på heimebane. Traseen går gjennom tunet på garden Børsheim, der han er oppvaksen.

TOMMEL OPP. Dei to ynskjer kvarandre lukke til, og stiller seg klare til start. Gjennom sentrum, opp bilvegen mot Sponheim og vidare til garden Børsheim. Like over er skilnaden på dei to på om lag to minutt. Dei gjev frå seg tomlar opp og eit grynt til fotografen, før dei er vekke i skogen.

Datoen syner midten av juli, men oppover løypa minner det stadig meir om norsk haustvêr.

KALDE GUFS. Regnet høljar ned mesteparten av turen - og vinden sender stadig kaldare gufs gjennom dei senete kroppane på veg oppover. Trea er vekke, meir sleipt berg kjem til syne. På toppen av Kvasshovden ligg temperaturen rundt fem grader. Skodda er tjukk som ertesuppe.

- Me trur dei kjem no, men me ser sanneleg ikkje, ropar speakeren i motvinden. Beach-flagga ligg flatt mot berget.

Ut av tåkehavet sprett den eine sprekingen etter den andre. Smila er få, grimasane mange. Og fyrstemann opp bakken i dag er Hallvard, på 1.04.41. Knappe fire minutt etter kjem Einar, som får støtte i bakken av kamerat Ove Mjøsdalen Bernes.

LITEN SKILNAD. Hallvard får eit klapp på skuldra av Einar.

- Han tok meg, men eg er nøgd, seier Einar.

Løpet var hardt, men Hallvard er snart klar for å lea på seg att. Ikkje minst for å komma seg ned frå fryseboksen på toppen av Kvasshovden.

- Eg må ned på garden og sjå om det er noko eg skal hjelpa til med, seier han, før han fyk ned att dei sleipe liene.



Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.