annonse

Torevêr stengte gondolbanen

STOPP:
STOPP: Det var full stopp i gondolbanen. (Foto: Sigrid Seim)

Gondolbanen vart stengt to gonger på grunn av torevêr fredag.

Stine Strand Carlsen

Fredag ettermiddag vart det full stopp i gondolbanen på Voss.

– Dette gjer me av sikkerheitsmessige årsaker på grunn av torevêret som er venta. Dette er vanleg prosedyre, og det er ingen dramatikk, seier dagleg leiar i Voss Resort fjellheisar, Anna Bryn.

Vêrfast på toppen

Journalist Sigrid Seim var ei av dei som var vêrfast på Hangurstoppen med familien.

– Me har venta på å koma ned att sidan klokka 15, seier ho.

Opna att

Banen opna att klokka 16.45, då torevêret var passert, melder Anna Bryn. Også i 20-tida var gondolbanen stengt ein periode grunna heftig regn- og torevêr.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse