annonse

Tradmat møter stjernekokkar i Eidfjord

HARDANGER MATKULTURFESTIVAL
Hardanger Matkulturfestival: Øvre Eidfjord vert gjort til eit smakssenter heile den komande helga. Her frå festivalen i 2015. (Foto: Sigrid Seim)

Komande helg er det duka for kulinariske opplevingar, kortreiste matvarer, ølkurs, og stjernekokk-opplevingar i Eidfjord.

Karl Ystanes

Hardanger Matkulturfestival gjer Øvre Eidfjord til eit smakssenter heile den komande helga. Matkulturfestivalen er eit årleg høgdepunkt for matfolket i Hardanger sidan festivalen vart arrangert fyrste gongen i 2005.

Festivalen er ein møtestad mellom tradisjonsberarar, fagfolk, produsentar og publikum. Her møtest ny og gammal matkompetanse, durkdrivne kokkar og glade amatørar, småskala-produsentar med sine små sjarmerande glas med syltetøy eller honning, blide ølbryggjarar, bakstekoner og eit publikum som kjem for å smaka, handla, høyra, eller berre møta andre for ein prat.

Festivalen har eigen festivalmusikar, Alexsander Aga Røynstrand, og eigen kunstnar, Ådne Dyrnesli. Folkemusikkgruppa Folkelokk dukkar også opp.

Arrangørane bak fetivalen kallar seg «Gladjentene», ei gruppe sett saman av Irene Bjotveit, Siv Hereid, Agurtxane Concellon, Mona Helle Lægreid og Kari Varberg.

Gladjentene har i år invitert sjølvaste Sven Erik Renaa frå restauranten­ Renaa i Stavanger, og Esben Holmboe Bang frå Maaemo i Oslo. Renaa har ei stjerne i Guide Michelin og Maaemo har tre stjerner i Guide Michelin.

Eit radarpar som kan koka godt, med andre ord. Dei skal servera «ei unik matoppleving på ærverdige Fossli hotell ved Vøringsfossen.», står det å lesa i festivalprogrammet.

Dette skjer fredagen, og i løpet av laurdagen og sundagen går det slag i slag med faglege innslag, kunstnarleg innslag, marknad med 26 utstillarar, demonstrasjonar, sal og smakebitar av lokal tradisjonsmat, tilbod om kurs i ulike matkulturelle emne, barneaktivitetar som hesteriding, leiker frå vikingtida­ og ein eigen smoothie­-sykkel.

Som ein raud, eller skal me seia grøn tråd gjennom helga, går årets festivalemne «me tenkjer grønt», og festivalen har eit eige «økotelt».

Festivalen har utvikla seg kvart år, og byr i år på eit rikt program som framleis tek med faste innslag som knivsliping, bogeskyting, saueslakting, gropekoking av lammebog, og sjølvsagt tradisjonsbakst.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.