annonse

Trafikkfelle på Bulken med stor fallhøgde

SPINKELT REKKVERK
SPINKELT REKKVERK: Vegstrekkja mellom Vassenden og Bulken stasjon har berre eit lite gjerde på toppen. Og ved støypekanten har det no bygt seg opp med snø. (Foto: Geir Geitle)

Lokalfolk reagerer på farleg vegstrekkje litt forbi Bulken stasjon.

Geir Geitle

På den kommunale vegen er det no i vinter lite sikring mot stupet på 20–30 meter ned mot jernbanelinja som går nedanfor.

Snø har bygt seg opp i veg­banen mot den låge støypekanten.

Oppå den igjen er det eit heller spinkelt nettinggjerde som neppe held stand mot ein bil om ulukka skulle vera ute.

I vegen er det hjulspor, og for nokre dagar sidan fekk ein bil stygg sleng på strekkja, og stogga faretruande nær kanten, får Hordaland opplyst.

På staden er det også relativt stor trafikk, og mange bilar med born på veg til barnehage.

Ofte møtest bilar på den litt uoversiktlege bakketoppen, og situasjonar kan oppstå.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.