annonse

Trafikkuhell i tunell på E16

RYKTE UT
RYKTE UT: Alle naudetatane rykte ut til uhellet i Gudvangatunnelen. Vegen er no open att. (Foto: Daniel Melve Kvarme / arkiv)

Gudvangatunnelen er opna att etter eit trafikkuhell i 18-tida.

Geir Geitle

Politiet melde tidlegare måndag kveld om eit trafikkuhell i Gudvangatunnelen langs E16.

Både brannvern, politi og ambulanse rykte ut, men det er ikkje personskadar.

Det eine køyrefeltet var stengt ein periode etter at uhellet skjedde.

Tatjana Knappen ved politiet sin operasjonssentral opplyser til BT at ulukka skjedde ved at ein bil køyrde inn i hengjaren på eit vogntog.

To born var involverte i ulukka, men det er ingen personskadar, berre materielle skadar, får BT opplyst frå politiet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse