annonse

Travel festivalhelg i vente

Frå torsdag og ut helga går tre store arrangement av stabelen. Godt samarbeid mellom fire partar skal gje suksess for alle. Frå venstre
KLARE FOR DET MESTE: Sjur Hermann Rørlien i Voss Ølfestival, leiar Inge Arild Lirhus i Voss bilbransjegruppe, Voss Sentrum-leiar og smala-hovegeneral Mona Vethe, resturantsjef Jan Børge Andersen på Park Hotel Vossevangen og kjøkensjef Svein Åge Petterson på same hotellet. (Foto: Geir Geitle)

Trudde du at alt var på plass til Smalahovesleppet? Nei, var det likt seg. Voss Sentrum-leiar og slepp-ansvarleg Mona Vethe reknar med nokre søvn-lause døgn denne siste veka.

Nils Kvamsdal

I år er det tre større arrangement som går av stabelen denne helga, og som dermed trekkjer vekslar på – og skaffar publikum til – kvarandre: Smalahovesleppet, Nybilmessa og Øl-festivalen.

Som før

– Hjå oss er det «same proce- dure», seier Inge Arild Lirhus, leiar i Voss bilbransjegruppe.

Nybilmessa startar fredag, med Næringslivskveld og demonstrasjon av firmabilar fredag. Laurdag og sundag er det utstilling i VossaPark, på øvre platå. Her finn du meir enn 50 nye bilmodellar og stor utstilling av firhjulingane ATV. I tillegg til sjølve køyretøya, er det fleire firma og leverandørar av bilrelaterte tenester og -utstyr som har stands på messa. Mellom dei som har stand er både lokale verksemder som HMV Maskin, Voss Bilskadesenter, Voss Bilpleisenter, Biltunet Autoshop, Biltunet Polaris, Yamahatunet Torgils Rongve, Voss Bilbering og Vekselbanken, og meir riksdekkande som renovasjonsfirmaet Ragn-Sells og ETAC – sistnemnde utviklar av hjelpemiddel for å gjera kvardagen enklare for folk med rørslehemming av ulikt slag.

Litt ekstra underhaldning, med bilshow, skal det også verta.

Stor liten festival

Det er tredje året Sjur Hermann Rørlien skipar til ølfestival i biblioteket i Voss kulturhus.

– Ved å leggja festivalen til denne helga, vil me vera med på å etablera ei stor festivalhelg på Voss, seier Rørlien. Som i fjor, lokkar han med 12 bryggeri, to utstyrsleverandørar og ein leverandør av mat på festivalen.

– Me kunne heilt sikkert ha vore fleire bryggeri, men me ynskjer å halda oss på dette nivået. Det er trass alt ein festival som går over ein dag.

Som i fjor, kjem det også ein kar med avansert analysemateriell, og her kan alle heimebrygjjarar få testa ølet sitt gratis. Det var ein del heimebryggjarar som fekk seg ei aha-oppleving i fjor, seier Sjur Herman. Han seier at biblioteket i kulturhuset fungerer perfekt for øl- festivalen.

– Gode lokale og god tilrette-legging. Det syner også tilbakemeldingane frå utstillarane, som ber om å få koma tilbake.

Øl-festivalen har vore jamt godt gjesta dei to føregåande åra, men Rørlien vonar festivalen vert ekstra populær når dei og Smalahovesleppet kan trekkja vekslar på kvarandre.

Over hundre ølsortar

Rørlien kan by på over 100 ulike ølsortar på festivalen laurdag ettermiddag.

– Dei to føregåande åra har alt gått utruleg fint og roleg føre seg. Folk kjem for å smaka og diskutera, ikkje for å drikka, så alt er svært sivilisert og kultivert.

– Nytt av året er at arrangøren stiller med eige festivaløl, bryggja i samarbeid med Voss Bryggeri.

– Det er bryggja på gamlemåten, med kveik og sprakje, så det er eit slags godt, gammalt heimabrygg. Kveik frå Voss er forresten vorten eit stort produkt på verdsbasis, fortel Rørlien.

Eit øl han er skikkeleg spent på er òg ei nyskaping.

– Voss Bryggeri hadde nokre bryggjarar frå Island på vitjing, og dei fekk lokka vossingane til å hiva eit par smalahove og ei heil pinneside oppi den kokande vørteren. Så ølet er rett og slett smakssett av røykjekjøt. Korleis det smakar veit eg ikkje, men eg trur ikkje Voss Bryggeri hadde kome med det viss ølet ikkje var drikkande, ler Rørlien.

– Elles er det mange spennande øl, og folk han gå inn på facebook-sida til Voss Ølfestival og sjå øllistene som er lagde ut der.

Tusen ballar i lufta

Smalahove-general Mona Vethe har så vidt tid til pressa ein prat med lokalavisa inn før ho skal i eit nytt møte.

– Du trudde alle detaljar var i boks, og at alt gjekk på skinner? Å, nei, me skal vel ha nokre søvnlause døger no, så skal me vel klara å landa helga, trur den optimistiske sentrumsleiaren.

Det som i alle fall er klart, er at det vert over 30 bodar i Vangsgata, i tillegg til to store fellestelt. Lokalmaten skal synast fram og smakast på på torget.

– Og så har me eit fantastisk utval av barneaktivitetar, som omfattar alt frå levande dyr til handverk og andletsmåling. Og så organiserer me oss slik at matserveringsstadene vert lagt inn til ungane sine aktivitetsområde. På den måten kan dei vaksne slappa av og ta ein matbit, samstundes som ungane er fullt opptekne like ved.

– Det smakar godt!

Mona har prøvesmakt Vossa-tapasen som deltakarane på kulturkvelden i Vossasalen fredag får setja tennene i.

– Eg kan lova litt av ei oppleving, det var så godt!

Ingrediensane til Vossa- tapasen er leverte av Voss gardsslakteri og Vossakjøt, Voss handverksmeieri, Vossabakst, Stabburet bakeri og Vossasmør – som også har med seg saupprim.

– Så kjem Voss Bryggeri, Voss Fellesbryggeri og Vossakjøt med øl, og Nils Lekve frå Ulvik med sider.

Bygdekvinnelaga på Voss og Bjørgum skal stilla med smaksprøvar som folk kan stemma over. Vinnaren går vidare til ei nasjonal tevling i tradisjonsmat.

Arne Hjeltnes skal losa både fredagen og smalahovemiddagen vel i hamn. Han får god hjelp av Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen. Hjørnevik og bryggjemeister Rune Midtun hjå Voss Fellesbryggeri skal også halda Verdas kortaste ølfestival.

– Det som er heilt spesielt i år er at me gjer litt ekstra stas på dei som var med og drog denne galskapen i gang for 20 år sidan, seier Mona Vethe.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.