annonse

Tre bilar i samanstøyt på E16

LANGE KØAR:
LANGE KØAR: Det vart lange køar på begge sider av Beitlatunnelen langs E16 etter eit trafikkuhell. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
VART STENGD:
VART STENGD: Beitlatunnelen langs E16 vart stengd etter eit trafikkuhell måndag morgon. (Foto: Google Maps)

Beitlatunnelen ved Dale vart stengd i ein time på grunn av eit trafikkuhell.

Marita Saue Hamre

Klokka 09.55 måndag melde naudetatane om eit trafikkuhell like ved Beitlatunnelen langs E16 like forbi Dale sentrum. 

– Ein bil stansa på grunn av eit skilt som stod for langt ute i vegen. Ein semitrailer kom bak, og skubba bilen framføre ut i motgåande køyrefelt. Då krasja bilane inn i ein annan bil som kom i det motgåande feltet, seier Jens Petter Gravning hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Ingen vart skadde i uhellet.  

Uhellet skjedde 100 meter på nordsida av tunellen.

Hordaland sin journalist på staden, Jan-Egil Dyvik, melde om i alle fall ein kilometer lang kø på den eine sida av Beitlatunnelen.

Klokka 10.51 opna tunellen att.

Tunellen vart stengd

Brannvesenet melde om mindre materielle skadar.

Alle naudetatar rykte ut til staden. 

Tunellen vart stengd i om lag ein time etter uhellet. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse