annonse

Tre Brør stengjer på ubestemt tid

VERT STENGT
VERT STENGT: Tre Brør Kafé. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Tre Brør Kafé stengjer dørene på ubestemt tid.

Ingvild Siglen Berger

Det kjem fram i ei melding på kaféen sine Facebook-sider.

– Som dei fleste av dykk har fått med dykk i lokale nyhende, er det svært krevjande å driva verksemd på Vangen. Me tek oss ein pust i bakken og stengjer kaféen på ubestemt tid. Me håpar me finn ei løysing på problema, men me vil altså halda stengt f.o.m. 20. desember, heiter det i meldinga. 

– Kaféen har som kjent hatt eit tøft år bak seg (2016) og har jobba med å betala ned gjeld og få rekneskapen i pluss, seier Hannah Lie Brunborg i ein kommentar til Hordaland.

Ho eig kaféen saman med sambuar Anders Aarseth Fretheim.

Selskapet har vist positiv utvikling dette året, men diverre ikkje nok til å koma på plussida etter dei store tapa i fjor.

– Me har sidan i vår vore i samtalar med nye eigarar som skulle overta drifta og selskapet, då me som har drifta til i haust har flytta austover. Diverre trekte dei nye eigarane seg i siste liten. Dette gjer vidare drift særs vanskeleg og me har stengt kaféen, medan me prøver å finna ei løysing, fortel Lie Brunborg. 

Dei ynskjer at Tre Brør skal halda fram og meiner at Voss sårt treng ein slik plass.

– No må me prøva og finna ei løysing for å sikra at kaféen kan eksistera i framtida, seier ho. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.