annonse

Trekte sak om nye bompengesatsar

HARDANGERBRUA
HARDANGERBRUA: Kommunane er urolege for om trafikantane i stor grad vel andre vegar, dersom bompengane for Hardangerbrua vert auka for mykje. Hardangerrådet håpar på betre løysingar for dei lokale trafikantane når bomselskapa vert samla i eit regionalt selskap. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Hardangerrådet håpar framleis på betre løysingar for dei lokale trafikantane, når bomselskapa skal samlast i eit regionalt selskap.

Sigrid Seim

Kommunane som soknar til Hardangerbrua og Vossapakko har vore misnøgde med dei nye rabattsystema som er planlagt for dei nye regionale bomselskapa.

Lokaltrafikken og pendlarane ville få mykje større utgifter etter omlegginga, når det ikkje lenger var mogleg å oppnå 50 prosent rabatt. Kommunane kunne støtta bompengereforma berre viss takst og rabattsystem kunne haldast uendra.

Justert framlegg

Etter møteverksemd der leiinga i Hardangerrådet har vore med, har kommunane no fått eit justert framlegg frå fylkesrådmannen. Framleis er 20 prosent rabatt det meste ein kan oppnå, men taket for passeringar det skal betalast for pr. månad, er redusert frå 30 til 25 passeringar. Avgifta for tungtrafikk er heva noko.

– Eg ynskjer at saka vert utsett, eller trekt, sa ordførar i Ulvik Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) til formannskapet då dei fekk presentert saka nyleg.

Ordføraren i Ulvik er no også leiar i Hardangerrådet, og ynskjer at dei involverte kommunane skal gjera like vedtak i denne saka.

– Eg er uroa for avvisingseffekten dei nye takstane kan ha. Mindre trafikk vil påverka økonomien for Hardangerbrua. Me håpar å få til eit nytt møte med Statens vegvesen om saka, og også om kva som er riset bak spegelen om me ikkje går inn på dette.

I denne saka er det snakk om statlege tilskot for å redusera inntektstapa som kan koma, med søknadsfrist 1. april.

Litt betre

I forsamlinga vart det ytra støtte til å arbeida vidare med saka. Det må finnast betre løysingar for folk i nærområda, meinte Stig Yngve Røkenes (H).

– Justeringa gjer det betre for dei daglege brukarane, men alle andre får auka kostnader, sa han.

– Det er bra med eit felles driftsselskap, om det kan føra til kortare nedbetalingstid. Men avvisingseffekten kan vera katastrofal for nedbetalingstida, meinte Jens Olav Holven (Sp). Håkon Gjerde (V) såg det som klokt om saka vart trekt.

Krav

Ordføraren gjorde som han hadde varsla. Saka vart trekt, og dermed ikkje røysta over. Det er no avtalt eit nytt møte, no mellom eigarkommunane i Hardangerbrua og Statens vegvesen, fredag 23. mars.

– Då ser me kva som kjem ut av det. Her snakkar me med dei som set krava til rabattsystem, seier Thorbjørnsen.

Saka er vanskeleg, for kommunane er urolege for om trafikantane i stor grad vel andre vegar, dersom bompengane for Hardangerbrua vert auka for mykje. Då vil det ta lenger tid å betala brukostnaden. Fylkeskommunen har stilt store lånegarantiar til bomselskapet, og fryktar at desse kan verta utløyste dersom låna ikkje kan betalast til rett tid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.