annonse

Triumf for Erna og nasestyvar for Jonas

STJERNA
STJERNA: «Solberg-regjeringa har meistra lågare oljepris og ein vanskeleg flyktningsituasjon på ein slik måte at dei får fornya tillit», skriv redaktør Geir Geitle. Her er Erna Solberg på besøk på Fjose gard. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

– At Erna Solberg får fornya tillit som statsminister, er ei stor fjør i hatten for henne. Og at Jonas Gahr Støre og Ap går kraftig tilbake etter fire år i opposisjon, må opplevast som ein skikkeleg trykk i trynet.

Geir Geitle

Å VERTA VALT éin gong er lettare enn å verta valt igjen etter fire år. Dette må tolkast som eit signal om at eit fleirtal i det norske folket ynskjer å halda fram med politikken som Høgre- og Frp-regjeringa har ført desse åra.

Også i våre bygdelag held Høgre og Frp bra stand, sjølv om dei går noko tilbake etter det gode valet for fire år sidan. Eit klart signal er det også at Arbeidarpartiet går mest tilbake av alle. Dét er oppsiktsvekkjande, at Ap er taparen når deira allierte Senterpartiet og SV innfrir.

Solberg-regjeringa har meistra lågare oljepris og ein vanskeleg flyktningsituasjon på ein slik måte at dei får fornya tillit. Jonas Gahr Støre har «tilbode» auka skattar som om det skal vera løysinga på problema, utan at det var lett å få auga på store bekymringar for kva det har å seia for privat drivkraft og investeringslyst når me no skal omstilla oss etter oljealderen.

AT SOLBERG-REGJERINGA HAR ført ein streng innvandringspolitikk, kan vera noko av forklaringa på valsigeren. Det kan sjå ut til at veljarar i det norske folket ikkje er heilt samde med Støre i at det er skremsel å peika på reelle fakta omkring kaotiske tilstandar i ulike område i Sverige. Samtidig ser me terrorhendingar som skakar den vanlege mann og kvinne nedover i Europa.

Her også går skiljeliner på om ein skal hjelpa naudlidande der dei er, og kor opne grenser me skal ha for innvandring.

Miljøpolitikken er også eit tema. Når partileiardebatten på NRK fredag kveld endar opp med ein lang diskusjon der nokre vil at alle norske bilar skal vera elektriske om nokre få år, så snakkar me ikkje om global klimapolitikk, men om symbolpolitikk. Den norske biltrafikken er eit musepiss i havet i forhold til det som føregår ute i den store verda, og reduksjonar i utsleppet har minimalt å seia i globalt perspektiv.

Elles har Støre stått fram som litt vag, bortsett frå at han sjølv vil styra.

KVA ROLLE K5-SAKA har spela her lokalt, er vanskeleg å seia. Senterpartiet har kritisert K5-framdrifta til regjeringa, og får stor framgang. Arbeidarpartiet har vore minst like kritiske, og opplever derimot stor tilbakegang. Senterpartiet sin framgang er derfor lettare å tolka som distriktspolitisk opprør generelt i delar av folket, og at dei i Nils T. Bjørke har hatt ein svært god kandidat lokalt.

BJØRKE FÅR NO stortingsplass saman med Venstre sin Terje Breivik som gjev seg i kast med fire nye år på Stortinget. Ulvikjen gjer ein god og grundig jobb, men taper ein del oppslutnad lokalt.

Venstre vinn likevel fram med gode tal i Bergen, og Breivik sin innsats der siste vekene gav såleis frukter.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.