annonse

Trøbbel i tunellar på E16

UHELL
UHELL: Det har vore eit uhell i Hettetunnelen sundag ettermiddag. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Fleire tunellar har vore stengde eller hatt redusert fart på E16 i sundag.

Ørjan Brattetveit

E16 vart stengd mellom Vaksdal og Stanghelle etter at ein lastebil mista ein vegvals frå lasteplanet.

Uhellet skjedde inne i Hettetunnelen rundt klokka 15 sundag.

Det var redusert fart forbi staden, men trafikken gjekk som normalt frå om lag 15.30.

Sterk forureining

Også Risnes- og Romslotunnelen på E16 ar vore stengd ein kort periode i ettermiddag.

– Årsaka var særs forureina luft, melder Vegtrafikksentralen på Vestlandet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse