annonse

Tueteigen barnehage skal avløysast av ny

BARNEHAGE?
BARNEHAGE?: Eit område i det nye bustadfeltet ved Skielva er med i jakta på ny barnehagetomt i Granvin. (Foto: Sigrid Seim)
ØYANE
ØYANE: Kan ny barnehage i Granvin byggjast her? Området har bygdetunet og omsorgsbustader som naboar. (Foto: Sigrid Seim)

Tueteigen er ute av barnehagesaka i Granvin. Fleirtalet i heradsstyret går for nybygg, ein annan stad i bygda.

Sigrid Seim

Mot dei tre røystene frå SV og Høgre gjekk fleirtalet inn for å be administrasjonen om å sjå nærare på tre moglege plasseringar for ein ny barnehage, då saka vart diskutert i heradsstyret onsdag. Fleirtalet hadde då røysta mot ei utsetjing av den endelege avgjerda om rehabilitering av noverande barnehage eller nybygg.

Marianne Espeland (SV) var åleine om å argumentera for å gje Tueteigen ein sjanse, framleis. Ho peika på det unike uteområdet som barnehagen har, og at fleire av foreldra ynskjer at det vert satsa på Tueteigen. Barnehagen har også ei strategisk plassering, for brukarane.

Andre i heradsstyret, som Annlaug Haugse Såkvitne (Sp) var ikkje i tvil om at ein nybygd barnehage vil vera det rette.

Risiko

– Funksjonaliteten vil vera betre, i eit nybygg. Å rehabilitera på Tueteigen har ein stor risiko for budsjettsprekk, og det er ikkje framtidsretta.

Ho ynskte at heradsstyret konkluderte med å velja nybygg, og at det vart greidd ut nærare tre ulike alternativ til plassering.

Også Venstregruppa hadde konkludert med at nybygg må til, sa Atle Seim (V). Dei ynskte nærare utgreiing om plassering i Øyane (ved bygdetunet) og på/ved skulen. Også i det opparbeidde bustadfeltet ved Skielva kan det vera grei plass for barnehage, men dette vil leggja beslag på tre bustadtomter.

Lars Brekke (Ap) var også imot å bruka meir ressursar på å vurdera Tueteigen. Han ynskte nærare utgreiing om Øyane og skuleområdet, og peika på at ein barnehage i Øyane, nær sjukeheim og omsorgsbustader kan gje positive opplevingar for alle.

– Me må tenkja framtidsretta, og byggja ein god barnehage for både tilsette og born. Skal me få nye innbyggjarar, må det vera eit attraktivt tilbod, sa han.

Sondert terrenget

I debatten om kvar ein ny barnehage kan byggjast, orienterte rådmannen om stoda for området i Øyane. Det er eit statleg sikra friområde, og vanlegvis er det vanskeleg å få byggja i slike område. Avgjerda ligg hjå Miljødirektoratet. Men dei legg vekt på korleis fylkesmannen stiller seg, og i dette tilfellet har heradet hatt kontakt med sakshandsamar for slike saker. Vedkomande er positiv til tanken på ein barnehage her. Ein barnehage verkar ikkje privatiserande, for andre vil kunna bruka uteområdet utanom opningstida i ein barnehage. Også fylkeskommunen har gjeve positive signal, opplyste rådmannen.

Heradsstyret gjekk såleis inn for å få nærare utgreiing om dei tre mest aktuelle områda, som etter dette er skuleområdet, Øyane, og bustadfeltet ved Skielva.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.