annonse

Tunell på E16 open etter ulukke

KØ
: Det var noko kø etter ulukka i Stavenestunnelen sundag, før tunellen opna att. (Foto: Marita Saue Hamre)

Stavenestunnelen på E16 mellom Vaksdal og Trengereid er open att etter ei trafikkulukke.

Ingvild Siglen Berger

Klokka 13.10 sundag var to bilar involvert i ei ulukke i Stavenestunnelen på E16 mellom Vaksdal og Trengereid.

Tunellen vart stengd, og ifylgje politiet skal det ikkje vera opplysingar om personskade.

– Det er to bilar som har hatt eit samanstøyt, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen hjå Vest politidistrikt.

Ambulanse kom til staden for å sjekka dei involverte. Bilbergar vart òg tilkalla, medan trafikken gjekk i eitt felt ei stund før tunellen vart heilt opna.

– Politiet har oppretta sak på hendinga, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.