annonse

Turistar stod faste i fjellet

STOD FAST
STOD FAST: Tre tyske turistar stod fast i området ved Steinslandsvatnet inst i Modalen. (Foto: Nordhordlandskart.no)

Dei tre i 20-åra er trygt redda ned frå fjellet.

Marita Saue Hamre Jan-Egil Dyvik

Like etter klokka 09:00 tysdag fekk politiet melding om tre tyske turistar som stod fast i fjellet.

– Dei står fast ved Revabotn i Modalen, og me er på veg til staden, melde Vest politidistrikt på Twitter kort tid etter meldinga.

Redda ut

I 11-tida hadde redningshelikopteret henta ut turistane som hadde sett seg fast i Modalen.

– Førebels ser det ikkje ut som dei treng legehjelp, sa operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

Dei tre tyske turistane i 20-åra er uskadde, men våte og kalde.

Turistane vart sende til lege på Knarvik for sjekk. 

Vest for Steinslandsvatnet

Harald Farestveit, som bur i området, fortel at Revabotn er vest for Steinslandsvatnet øvst i Modalen.

– Det tek rundt tre kvarter å gå frå vegen og opp i Revatbotn, seier han til Hordaland.

Farestveit fortel at det er bratt terreng i området der dei tre turistane stod fast. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.