annonse

Tusenvis av ekstra togplassar under sykkel-VM

NORSK I SYKKEL-VM?
NORSK I SYKKEL-VM?: Får me sjå Aleksander Kristoff i slik positur under sykkel-VM i Bergen? NSB set opp både ekstra vogner og ekstratog mellom Voss, Arna og Bergen for å frakta publikummarar rett inn i sentrum av arrangementet. Sundag 24. september går fellesstarten for menn, der Kristoff er ein av favorittane. (Foto: Tour des Fjords)
NSB TRØR TIL
NSB TRØR TIL: Henning Lirhus, opphavleg vossing, er klar for å frakta vossingar til Bergen under sykkel-VM. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

16.–24. september går sykkel-VM i Bergen, og NSB set opp lokaltog frå Voss til Bergen med 480 ekstraplassar eller meir på ei rekkje avgangar.

Geir Geitle

– Me gler oss og trør til med i alt 47.500 ekstra seter til det som må vera tidenes arrangement i og rundt Bergen, seier Henning Lirhus, marknads- og kommunikasjonssjef for NSB Vest.

– Det er klart at NSB må bidra til at dette blir ein folkefest. Dette er stort og noko me i Bergen ikkje har vore med på før, seier Lirhus.

– Då skal me i NSB gjera det me kan for å bidra til ein smidig transport til og frå sentrum den tida VM varer, uttalar vossingen i ei pressemelding.

Ventar tusenvis

Arrangøren ventar tusenvis av publikummarar som skal til og frå dei ulike arrangementa så lenge sykkel-VM varer.

– Folk frå Bergen og omland likar jo å vera der det skjer, så me ventar mange ekstra reisande i toga våre. Derfor køyrer me med ekstra seter i ordinære avgangar og set opp ekstra togavgangar mellom Voss – Arna – Bergen under VM, fortel Lirhus.

– Til saman blir det altså over 47.500 ekstra seter i løpet av veka og me håpar så mange som mogleg nyttar seg av tilbodet vårt, seier han.

Informasjon om reisa og billettar finn du via reiseplanleggjaren på NSB.no og billettappen. NSB har eit godt samarbeid med Skyss og med arrangørane av sykkel-VM slik at ekstra kapasitet vert sett inn der dei ventar størst pågang.

– Planlegg godt

Store delar av sentrum og vegane inn til sentrum er avstengde, så den beste måten å koma seg heilt fram er ved hjelp av kollektivtransport.

– Toget tek deg til midt i smørauget på ein effektiv måte, seier Lirhus.

– Me har planlagt dei ekstra seta og togavgangane i tråd med dei største hendingane under sykkel-VM, både kulturelle innslag og høgdepunkt i sjølve sykkelkonkurransen, seier Lirhus.

Særleg ventar NSB stor pågang frå onsdag 20. september, med ein topp laurdag 23. og sundag 24. september. Laurdagen er det fellesstart for junior og kvinner, sundagen for menn.

– Me gjer også merksam på at det kan vera ekstra mange reisande i toga våre både morgon og ettermiddag, seier Henning Lirhus.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.