annonse

- Ulempene for huseigarane må kompenserast skikkeleg

MEIR ENN REKREASJON
MEIR ENN REKREASJON: - Ny gondolbane om meir enn rekreasjon. Det handlar også om næringsutvikling, i ei av dei største og viktigaste næringane på Voss, skriv redaktør Geir Geitle på leiarplass.

- Samfunnsnytten er stor, men inngrepet er vesentleg. Det bør også attspeglast i nivået kompensasjonen vert lagt på.

Reiselivsbygda Voss treng ny gondol. Samtidig­­ påfører banen tungtvegande ulemper for 20-25 husstandar som får gondolbanen tett innpå seg. 18 av dei har ikkje vilja inngå fri-villig avtale med Voss Gondol om rett til å byggja banen over deira eigedomar.

Tysdag skal Voss kommunestyre avgjera om det skal nyttast oreigning for å få bygginga gjennom-ført. Oreigning vil seia at staten går inn med tvangstiltak for å sikra retten til å byggja banen.

MANGE AV grunneigarane gjev uttrykk for at prosessen­ dei har vorte utsett for, ikkje har vore god, korkje frå Voss Resort eller Voss kommune si side. Fleire av dei synest ulempene vert for store. Ut frå dette er det forståeleg at mange ikkje vil inngå frivillig avtale.

Grunneigarane vert påførte ulemper som støy, innsyn på eigedomane, skipla utsikt, og risiko for ulukker. Dessutan kan salsverdien av eigedomane verta forringa.

OPPI ALT DETTE er det likevel viktig at Fylkesmannen i Hordaland har avvist klager på prosjektet­ frå ein del grunneigarar, og stadfesta Voss kommune sin vedtekne reguleringsplan.

EIT AVGJERANDE VILKÅR for at oreigning skal finna stad, er at samfunnsnytten er større enn ulempene. Det er trekt fram at rekreasjon ikkje er godt nok grunnlag til å ekspropriera på. Det er nok rett. Samtidig handlar ny gondolbane om meir enn rekreasjon. Det handlar også om næringsutvikling, i ei av dei største og viktigaste næringane på Voss.

Turismen skaffar arbeidsplassar og store inntekter som me alle dreg nytte av. Turisme er eitt av felta der me reknar med størst vekst i åra som kjem.

Ny gondolbane står sentralt i satsinga på turisme­, og er derfor eit samfunnsnyttig tiltak på Voss.

Om det skal byggjast ny bane heilt ned til sentrum­, ville det medført ulemper for ein del grunneigarar uansett om han vart plassert lenger vest. Og plasseringa som er valt, er etter vår oppfatning den beste ut frå føremålet.

Det som er synd, er at nokre enkeltfamiliar vert råka.

DERSOM KOMMUNESTYRET meiner at samfunnsnytten er større enn ulempene og seier ja til ­oreigning, vil grunneigarane under traseen verta sikra ei handsaming av kompensasjonen i retts­vesenet. Det er sannsynlegvis også den mest rettferdige ordninga.

Dei som vert utsette for ulempene, må sjølvsagt få sin rettmessige kompensasjon. Kostnadene må dekkjast av utbyggjaren sjølv, Voss Gondol AS, som er eigd av Voss Resort. Dei må også betala for juridisk hjelp til dei skadelidande.

I SÅ TILFELLE må me stola på at rettsvesenet i Noreg­ set fast prisen for ulempene på rett måte. Samfunnsnytten er stor, men inngrepet er vesentleg. Det bør også attspeglast i nivået kompensasjonen vert lagt på.

Så står det att å sjå om Voss Gondol til sjuande og sist har nok økonomiske musklar til å realisera den nye Hangursbanen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.