annonse

Ulukkesdagen er her

FREDAG DEN 13.
FREDAG DEN 13.: Ei undersøking utført av Norstat for nokre år sidan, synte at mellom dei mest overtruiske var det mest ulukke forbunden med å passera ein svart katt som kryssa vegen føre ein, samt å gå under ein stige. (Foto: Tryg Forsikring)
IKKJE URO DEG
IKKJE URO DEG: – Folk er bevisst fredag den 13. og tar sine forholdsreglar, seier Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring. (Foto: Tryg Forsikring)
Fredag den 13.

Har du angst for dagens dato? Då kan du ta det heilt med ro.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

I dag er det fredag den 13. igjen. Ein dag mange i Noreg forbind med ulukke, medan det er ein lukkedag i Italia.

– Fredag den 13. er faktisk ein sikrare dag enn alle andre fredagar i året. Statistikken viser at det skjer færre ulukker fredag den 13. Sjansen for å bli utsett for bilulukker denne fredagen er 12 prosent mindre enn andre fredagar og me ser same tendens for reiseskadar, brann-, vann- og personskadar, seier Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring.

Tek sine forholdsreglar

Frå gammalt av er dagens dato forbunden med mykje overtru, og talet 13 har vorte sett på som eit teikn på ulukke. Framleis unngår ein å bruka talet somme stader, til dømes hotellrom og seteradar på fly.

– Overtrua er sterk hjå mange, og det skal ein ikkje kimsa av. Når det likevel visar seg at fredag den 13. ikkje er ein så stor ulukkesdag som mange har inntrykk av, hengjer dette truleg samen med at folk er ekstra varsame denne fredagen, at dei tek færre sjansar enn normalt. Folk er bevisst fredag den 13. og tar sine forholdsreglar, seier Opedal.

– Ikkje magi eller forbanningar

På generell basis er faktisk fredagar ulukkesdagar, då det skjer fleire tjuveri, trafikkulukker, innbrot og reiseskadar på fredagar enn andre dagar i veka.

– Men det har lite med magi og forbanningar å gjera, men skuldast truleg meir at trafikken og stressnivået er større på fredagar enn andre vekedagar. Folk skal rekkja over mykje på ein gong og reiseaktiviteten er langt større enn resten av veka. Likevel ser me at fredag den 13. ikkje skil seg ut negativt i ulukkesstatistikken, seier leiaren.

Svart katt over vegen

Tal frå ei undersøking utført av Norstat på vegner av forsikringsselskapet for nokre år sidan, syner at meir enn kvar tredje nordmann- eller kvinne karakteriserer seg sjølv som overtruisk. Folk i Oslo er minst overtruiske, medan folk i Nord-Norge er mest. Mellom dei mest overtruiske var det mest ulukke forbunden med å passera ein svart katt som kryssa vegen føre ein, samt å gå under ein stige. Undersøkinga synte òg at talet på overtruiske søkk i alderen 40 år og oppover, pluss at kvinner var betydeleg meir overtruiske enn menn.

– Eg trur vel at ein trygt kan passera både svarte kattar og stigar i dag. Skulle det skje noko får ein heller skriva det på kontoen for uflaks. Når så er sagt; også erfarne forsikringsfolk kan vera overtruiske. Det er ingen som bankar så mykje i bordet som oss, seier Opedal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.