KØYRDE I FJORDEN: Lastebilsjåføren køyrde rett ut i fjorden i ein glatt sving. FOTO: Terje Hjartnes

- Dei aller fleste hadde nok vore i sjokk

Det vart dramatisk for ein lastebilsjåfør som køyrde rett i fjorden i Ulvik måndag morgon. Klokka 14 opna vegen att på staden.

Publisert 20.03.2017 kl. 07.06. Oppdatert kl. 14.29.

SISTE: Klokka 14.00 melder Voss bilberging at vegen på ulukkesstaden er open.

Ulukka skjedde på fylkesveg 572 ved Hetlenes, sørvest for Ulvik. Det var BT som fyrst melde om hendinga.

Sjåføren skal ha køyrd av vegen i ein glatt sving, falle omkring fire meter ned og hamna i Ulvikafjorden. Mannen skal ha kome uskadd frå hendinga og kom seg ut av køyretøyet for eiga maskin.

HADDE FLAKS: Sjåføren av denne lastebilen kom til alt hell uskadd frå det då han køyrde ut i Ulvikafjorden. FOTO: Terje Hjartnes

Stenger vegen

Om lag klokka 10.30 melder trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Idar Sangolt at kranbilen er klar til å byrja redningsarbeidet, og at vegen difor vert stengd frå kl. 11.

- Me veit ikkje kor lang tid redninga vil ta. Me har brøytt ekstra godt om Espelandsdalen, som er omkøyringsveg til Ulvik, seier Sangolt.


På sjukehus

Den utanlandske sjåføren vart send til Voss sjukehus og ligg der til observasjon. Politiet fekk melding om ulukka klokka 04.42, skriv operasjonssentralen på Twitter. Mannen på 42 år er knytt til Rognaldsen Bakeri i Nordhordland.

- Me veit at det går fint med han. Han har lånt sjukehuset sin telefon for å kontakta oss, då hans eigen vart øydelagt i ulukka. Det viktigaste er at det går bra med han, så får ein bil vera bil og brød får vera brød, seier driftssjef Tom Helge Larsen.


- Ein hardhaus

Han reknar med å få høyra meir om korleis det går med sjåføren utover dagen. 42-åringen skal ha jobba hjå bakeriet i omkring sju år.

- Dei aller fleste hadde nok vore i sjokk, men han er ein hardhaus, seier Larsen.

Driftssjefen opplyser vidare at dei no jobbar med å fylla ein bil med bakarvarer for å senda av garde til dei sju butikkane som ikkje har fått varer denne morgonen.


Skjedde i natt

Ifylgje BT skal mannen ha kome seg opp att til vegen etter ulukka, der han vart ståande våt og kald i ein times tid til ein tilfeldig bilist kom køyrande.

- Lastebilsjåføren hadde mista eller fått øydelagt mobilen sin og kunne på den måten ikkje gje beskjed til omverda om kva som hadde skjedd. Me veit førebels ikkje nøyaktig når i natt utforkøyringa skjedde, seier Morten Kronen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, til BT.