HAMNA I FJORDEN: Lastebilen køyrde i fjorden ved Ulvik måndag morgon, og sjåføren kom frå det med lettare skadar. I 13-tida vart lastebilen heist opp frå fjorden att. FOTO: Heidi Medås

Her heiser dei lastebilen opp frå fjorden

Vegen mellom Vallavik og Ulvik er open att etter ulukka som skjedde måndag morgon.

Publisert 20.03.2017 kl. 14.12. Oppdatert kl. 14.28.

Det var måndag morgon i 04.30-tida at politiet fekk melding om ei utforkøyring på vegen mellom Vallavik og Ulvik. Lastebilen som kom med bakarvarer sklei av vegen og landa i Ulvikafjorden, og sjåføren greidde å koma seg ut frå køyretøyet for eiga maskin. Han vart berre lettare skadd i hendinga.

FOTO: Heidi Medås

- Autovernet er vekke

Klokka 11 måndag starta bilberginga, og vegen på staden vart stengd. Klokka 14 melder Hans Sivertsen frå Voss bilberging at vegen er open att på ulukkesstaden.

- Bergingsarbeidet gjekk greitt, og me måtte løfta lastebilen opp med ein mobilkran. Bilistar på staden må vera obs på at autovernet er vekke der lastebilen køyrde av vegen, seier han.