annonse

– Underleg at Delta ikkje vert rådspurt om varsling

SPØR OSS
SPØR OSS: – Me har vore sterkt involverte i to av dei mest profilerte varslingssakene på Voss siste par åra og har såleis rikeleg både av kunnskap og røynsle å bidra med, seier Delta-leiar Jonas Vedde Ødegård. (Foto: Rolf Tepstad)

– Kvifor vil ikkje Kontrollutvalet ha vår kunnskap og våre røynsler med, når det no vert laga ein stor rapport om etikk og varsling i Voss kommune?

Rolf Tepstad

Det er Jonas Vedde Ødegård som spør, som leiar for nær 50 Delta-organiserte i Voss kommune.

– Me har fleire gonger spela spørsmålet inn for Kontrollutvalet, utan i heile tatt å få svar. Me har også teke saka opp med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt, som skal laga rapporten, men svaret frå IHR er at deira oppdrag er definert av Kontrollutvalet. Og på oppdragslista dei fekk, inngjekk ikkje intervju med oss i Delta.

To varslingssaker

– Men at vårt fagforbund ikkje vert invitert til å gje informasjon, er mildast talt underleg, synest Jonas Vedde Ødegård.

– Delta har vore sterkt involvert i to av dei mest profilerte varslingssakene i Voss kommune siste åra. Me meiner difor å ha mykje relevant informasjon å bidra med, og skjønar ikkje motivasjonen for å utelata oss frå denne store og viktige granskinga. Og sjølv etter fleire e-postvekslingar der Delta opplyser om at me har informasjon om kritikkverdige høve kring handtering av varslingssaker, så er framleis ikkje revisjon eller kontrollutval interessert i å møta oss. Dette står fram som å driva etterforsking utan å ta seg bryet med å snakka med augnevitna, seier Ødegård.

– Vil ikkje møta

– Kan det vera eit kapasitetsproblem, at intervju med leiarar i større fagforbund vert prioriterte framfor dykk?

– Både Fagforbundet og Utdanningsforbundet er opplagt mykje større enn oss når det gjeld talet på medlemer. Me skjønar òg at IHR ikkje kan forandra på mandatet dei har fått hjå Kontrollutvalet. Men me skjønar ikkje at mandatet ekskluderer at ei fagforeining som sit på detaljkunnskap om det som er tema for granskinga, ikkje skal spørjast. Men klarer heller ikkje forstå at eit ekstra intervju på to timar, pluss overlevering av digital informasjon, kan vera så veldig tids- og kostnadsdrivande for undersøkinga. Det me då sit att med, er ei kjensle av at granskarane av ein eller annan grunn ikkje har lyst til å snakka med oss. Og dét synest me er spesielt. Så me undrar: Kva slags metode vart brukt for å velja ut organisasjonar til intervju? Var det loddtrekking – eller har revisjonsselskapet fått beskjed om kven som skulle intervjuast?

Ramme: 283 timar

Kontrollutvalet i Voss kommune tinga rapporten om etikk og varsling alt på sitt desembermøte i 2016. Føremålet var både å klargjera kva retningslinjer kommunen har kring etikk, varsling og verneteneste og korleis desse fungerer i praksis.

Til dømes om dei vert opplevde som føremålstenlege. Korleis mottekne varsel vert fylgde opp, var eit anna spørsmål som skulle under lupa. Og ikkje minst ynskte utvalet å avklara det dei kalla «tonen på toppen» i høve kritikk og varsling. Det vart også fastsett at rådmann og kommunalsjefar skulle vera mellom dei sju som konkret skulle intervjuast i arbeidet.

Oppdraget vart i utgangspunktet skissert til 250-300 timar. På møtet i mai 2017 vart talet fastsett til 283 timar, etter tilbakemelding frå IHR. Rapporten skal etter planen vera klar no i haust, og 10. oktober er no dato for Kontrollutvalet sitt neste møte.

– Kontrollutvalet tek ikkje omkamp

– Varslingssakene Jonas Vedde Ødegård nemner, er alle saman avslutta, og Kontrollutvalet tek ikkje omkamp på avslutta saker.

– Difor såg me heller ikkje nokon spesiell grunn til at Delta skulle bli intervjua i samband med granskinga av etikk og varsling i Voss kommune, seier Oddvar Jansen, leiar i Voss kommune sitt kontrollutval.

– Men dersom Indre Hordaland Revisjonsdistrikt sjølv hadde funne grunn til å intervjua Delta, i ljos av det som kom fram i dei aktuelle varslingssakene, stod dei sjølvsagt fritt til å gjera det, legg han til.

Ikkje inn i enkeltsaker

Som leiar for Kontrollutvalet, understrekar Oddvar Jansen at kontrollorganet som hovudregel ikkje går inn i enkeltsaker.

– Det hender likevel at me har slike saker oppe på møta våre, til orientering eller drøfting, men då bak lukka dører, seier han.

– Føremålet med granskinga kring etikk og varsling var tvert imot å få fastlagt om Voss kommune sine formelle rutinar og regelverk på området er gode nok, og om dei fungerer i praksis. Det er dette IHR no skal gje ei vurdering av, seier Jansen, som håpar rapporten skal vera klar til oktobermøtet. Om Kontrollutvalet finn rapporten god og utfyllande nok, vil han verta oversend kommunestyret. I fall utvalet finn rapporten mangelfull, kan det vera aktuelt med endå fleire intervju, eventuelt med Delta eller andre aktørar.

Har med enkeltelement

På Kontrollutvalet sitt møte 14. mars i år drøfta utvalet òg diverse innspel frå enkeltpersonar om tilhøve i Voss kommune som det vart hevda ikkje var handtert på korrekt måte. Dette gjaldt mellom anna fleire punkt som stod omtala i ein rapport KS-advokatane laga etter den store varslingssaka i Voss kommune vinteren 2015, sparka i gang av hovudverneombodet Asbjørn Nyberg.

Kontrollutvalet konkluderte den gongen at dei ikkje kunne sjå at det skal vera grunnlag for å gå vidare inn i nokre av desse sakene.

Vedtaket hadde rett nok fylgjande tillegg: «Kontrollutvalet vil likevel be Indre Hordaland Revisjonsdistrikt om å ta med seg enkeltelement i rapportane som ligg til grunn for henvendingane når dei vurderer rutinar og prosessar i det vidare arbeidet med den pågåande forvaltningsrevisjonen innan etikk, varsling og vernetenesta.».

– Så dette materialet er uansett med i IHR sitt arbeid, understrekar Oddvar Jansen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.