annonse

Une gjekk mot dei aller beste

VINNAR
VINNAR: Une Kvelvane er junior, men har alt byrja å hevda seg i seniorklassen. Her frå fjorårets Blinkfestival. (Foto: Tore Nyborg)

Ho er framleis junior, men Une Kvelvane var best i sin klasse og fekk i kveld gå rulleski mot dei beste – for andre år på rad.

Siri Flatlandsmo

– Det var det som var målet. Eg visste eg hadde sjanse. Då er det utruleg kjekt å få det til, seier Kvelvane.

Denne veka går Blinkfestivalen av stabelen i Stavanger. Både langrennsløparar og skiskyttarar konkurrerer om gjæve sigrar i sine klassar. Une Kvelvane har vore best i sin klasse to år på rad.

Les også: Une Kvelvane med beste tid i sin klasse

Slått av Hilde Fenne

I supersprint klasse J20-21 gjekk Kvelvane inn til ein solid siger med åtte treff.

– Det er veldig kjekt å gå på rulleski. Det er bra stemning og mykje publikum, seier ho.

Men i konkurranse i fellesstart med landslagsutøvarane nådde ikkje Kvelvane heilt opp denne gongen. Ho fekk seks treff og hamna til slutt på 30. plass, slått av mellom andre Hilde Fenne, som gjekk seg inn til ein solid 9. plass.

– Viss eg hadde treft litt betre kunne eg kanskje ha kjempa om å koma vidare, seier Kvelvane.

Då måtte ho ha vore mellom dei sju beste. Korkje ho eller Fenne kom seg vidare, sjølv om det er plass til tolv deltakarar i finalen. I dette løpet er nokre deltakarar var plukka ut på førehand.

Blant mennene rulla Arild Fosse inn til ein 43. plass i det sjåarvennlege rulleskiløpet. 

Nye sjansar i morgon

I kvalifiseringa i juniorklassane, gjekk seks lokale løparar seg inn til finaleplassar i sine klassar. Det var Tobias Nyborg og Knut Lussand Selheim i klassen M20-21. Saman med Kvelvane I klassen J20-21 gjekk Silje Fosse. I klassen M18 gjekk Kjerland Kvelvane. Johannes Græe kvalifiserte seg i klassen M14. 

I tillegg til finalen i juniorklassen, ventar eit nytt seniorløp for Kvelvane.

– Eg får lov å gå heat i supersprinten i seniorklassen i morgon, fortel ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.