annonse

Une Kvelvane er best i klassen

TRYGG:
TRYGG: Det var ingen tvil i dag. Une Kvelvane er best i klassen og leia frå start til mål. (Foto: Tore Nyborg)

Blinkfestivalen har vore eit aldri så lite eventyr for løparen i Voss Skiskyttarlag.

Siri Flatlandsmo

Etter å ha vunne gårsdagens supersprint i Sandnes i klassen K20-21, og fått konkurrera mot seniorar, slo ho til nok ein gong. 

To damer...

I finalen gjekk Kvelvane i mål på tida 08:50.47, nesten elleve sekund før Mari Wetterhus frå Svene IL. Tredjeplassen tok Kirsten Daae Wiig frå Ullensaker Skiklubb. På sjetteplass i klassen kom Silje Fosse, òg frå Voss Skiskyttarlag. Ho gjekk over målstreken 01:06.27 etter lagvenninna.

... og tre herrar i juniorfinalane

I herreklassen M20-21 vart Knut Lussand Selheim og Tobias Nyborg nummer 11 og 12.

Johannes Skjerveggen Græe vart nummer seks i klassen G14.

Fleire løp på gang

Men rulleskifestivalen er ikkje over i Sandnes enno.

Laurdag ettermiddag er det finalar i både langrenn sprint og skiskyting supersprint for seniorar. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.