annonse

Une Kvelvane med beste tid i sin klasse

BLINKFESTIVALEN
BLINKFESTIVALEN: Une Kvelvane er junior, men har alt byrja å hevda seg i seniorklassen. (Foto: Tore Nyborg)
BLINKFESTIVALEN
BLINKFESTIVALEN: Silje Fosse er med. (Foto: Tore Nyborg)
BLINKFESTIVALEN
BLINKFESTIVALEN: Kjerand Kvelvane i aksjon. (Foto: Tore Nyborg)
BLINKFESTIVALEN
BLINKFESTIVALEN: Tobias Nyborg i farta. (Foto: Tore Nyborg)

Alle 6 juniorløparane frå Voss Skiskyttarlag har i dag kvalifisert seg til finale under Blinkfestivalen.

Ingvild Siglen Berger

Kvalifiseringa gjekk fredag føremiddag, der Tobias Nyborg og Knut Lussand Selheim stilte til start i klassen M20-21, medan Une Kvelvane og Silje Fosse stilte til start i klassen J20-21.

Kjerand Kvelvane starta i klassen M18, medan Johannes Græe stilte i klassen M14. Alle klarte altså kvalifiseringa til finalane.

Beste tid

Une Kvelvane hadde beste tid i sin klasse, og vart dermed kvalifisert til seniorkonkurransen i kveld. Der møter ho heile skiskyttarlandslaget med Hilde Fenne og Tiril Eckhoff i spissen.

– Hilde har saman med landslaget vore i Sandes på treningssamling den siste veka og rapporterast å vera i god form, opplyser Tore Nyborg.

I herreklassen stiller fyrste års senior Arild Fosse. Seniorklassane går både fredag og laurdag kveld.

Til laurdag

Voss sine langrennsløparar gjekk også kvalifisering i dag. Daniel Dukstad og Tore Akerlie, begge frå Voss IL, pluss Stian Gjøstein og Eskil Flisram Tveiten frå Viljar IL, stilte til start.

Blinkfestivalen på rulleski går føre seg til og med i morgon, laurdag, i Sandnes.

Hordaland kjem med oppdateringar frå Blinkfestivalen gjennom helga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.