annonse

Usemje om prisauke i milliardklassen for K5

SAMSTUNDES
SAMSTUNDES: – Me har tenkt å byggja tunell for både veg og jernbane samtidig, så lenge det let seg gjera, seier Ketil Solvik-Olsen. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Gunnar Søderholm, prosjektleiar for K5 i Statens vegvesen, har uttalt at K5 kan verta 1,5 mrd. dyrare. Dette har det kome reaksjonar på i ettertid.

Siri Flatlandsmo

I laurdagsutgåva av Hordaland stod det at bygginga av K5-prosjektet kan koma i gang i 2021 på strekninga Arna-Trengereid, ved hjelp av lån finansiert av bompengar. Dette medan ein ventar på midlar som regjeringa har lagt inn i NTP frå 2024.

– Viss Arna-Trengereid vert 1. byggjetrinn, kan prosjektet komma til å verta 1,5 milliard dyrare, uttalte prosjektleiar Gunnar Søderholm til Hordaland.

Ifylgje Søderholm handlar ekstrakostnaden på 1,5 milliardar om at bygginga av K5 kan ta opp til fire år lenger totalt, viss ein deler opp prosjektet i fleire byggjetrinn, i staden for å setja i gang med heile strekninga Arna-Stanghelle.

– Treng ikkje verta dyrare

Både regionvegsjef i Statens vegvesen, Helge Eidsnes, og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen reagerer på dette. Dei avviser planar om å byggja K5 stykkevis og delt.

– K5 treng ikkje verta dyrare, for veg og bane er uavhengige av kvarandre på den strekninga. På strekninga Trengereid-Vaksdal-Stanghelle planlegg me for å ha samtidig utbygging av veg og jernbane, slik det er lagt til grunn i K5-prosjektet, seier Eidsnes.

– Me har tenkt å byggja tunell for både veg og jernbane samtidig, så lenge det let seg gjera, seier Solvik-Olsen.

YNSKJER IKKJE OPPSTYKKING AV K5
YNSKJER IKKJE OPPSTYKKING AV K5: Torsdag var prosjektleiar Gunnar Søderholm på besøk på Voss og presenterte planane for K5. Ved oppstykking kan prosjektet verta dyrare enn planlagt, meiner han. Foto: Siri Flatlandsmo
IKKJE EINIG
IKKJE EINIG: – På strekninga Trengereid-Vaksdal-Stanghelle planlegg me for å ha samtidig utbygging av veg og jernbane, slik det er lagt til grunn i K5-prosjektet, seier Helge Eidsnes, regionvegsjef i Statens vegvesen. Foto: Knut Opeide/Arkiv
FORKLARAR
FORKLARAR: Gunnar Søderholm viste førre veke fram planen for K5 til Senterparti-politikarane Kjersti Toppe og Vidar Skeie, som arrangerte møte om temaet. Foto: Siri Flatlandsmo

Eit spørsmål om tilgang til pengar

Regionvegsjefen trur ikkje K5-prosjektet vert forseinka når dei planlegg å byrja bygginga i 2021/2022 i staden for 2024.

– Det vil ikkje forseinka prosjektet når ein byrjar å byggja tidlegare, seier han.

Totalt skal K5 kosta 21 milliardar frå Arna til Stanghelle. Vegdelen av K5 er fullfinansiert i NTP i perioden 2024–2029. Jernbanen er enno ikkje finansiert i siste delen av perioden.

– Det kjem ny NTP om fire år. Det som er viktig, er at me får byggbare planar og kjem i gang med bygging av prosjektet, seier Eidsnes.

Han trur det er positivt for framdrifta at dei vil byrja tidlegare enn det er lagt opp til i NTP.

– Men det me ikkje veit er kor mykje pengar me får i 2024. Når me har starta, er det lettare å få tildelt pengar seinare. Ingen ynskjer å stoppa prosjekt som er starta opp, seier Eidsnes.

Arna-Trengereid godt alternativ

Korkje prosjektleiar Søderholm, Eidsnes eller Solvik-Olsen synest det er ynskjeleg å dela opp K5-prosjektet. Viss alle midlar hadde vore klare ved byggjestart, er Søderholm klar på kva han ville ha gjort:

– Då hadde eg byrja å byggja fleire stadar samstundes, for å få bygginga så effektiv som mogleg. At nokre delar skal vera ferdige fyrst, forlengjer ofte slike prosjekt, seier Søderholm.

Dersom K5 fyrst skal delast opp i byggjetrinn, meiner Søderholm det er ein god idé å starta på strekninga Arna-Trengereid, der veg og bane for det meste ikkje går parallelt uansett.

– Å ha Arna-Trengereid som 1. byggjetrinn er det som vil gje minst tillegg i totalkostnaden fordi vegen kan byggjast i stor grad uavhengig av jernbanen, seier Søderholm.

Usikre tal

Søderholm synest det vart for mykje fokus på talet han la fram, og seier det kan verta både høgare og lågare.

– Dette er eit tal me har operert med internt i prosjektet. Men det bør ikkje vera fokus på det.

Han legg til at finansieringsbiten av K5 ikkje er hans bord. Den er det NTP og politikarane som legg føringar for.

– Utrekninga av meirkostnaden på om lag 1,5 mrd. ved å dela opp prosjektet i byggjetrinn er ei grov utrekning med mange føresetnader. Dei føresetnadane eg har lagt inn kan godt visa seg å ikkje halda eller bli endra. Mi oppgåve som prosjektleiar er å skaffa fram godkjente planar med oppstart i 2021.

Solvik-Olsen er oppteken av effektiv bygging og er alltid interessert i gode råd.

– Viss andre vurderingar kjem fram, vil det verta interessant å høyra dei, seier samferdselsministeren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.