annonse

Uskadde etter utforkøyring

HAMNA PÅ TAKET
HAMNA PÅ TAKET: Ein bil køyrde av Vikjavegen og hamna på taket ved Liland sundag ettermiddag. Båe personane i bilen kom uskadde frå uhellet. (Foto: Karl Ystanes)

Ein bil køyrde av vegen og enda på taket på eit jorde ved Liland sundag ettermiddag. Ingen kom til skade.

Karl Ystanes

Sundag ettermiddag, omkring klokka 16.30, gjekk alarmen då ein bil køyrde av Vikjavegen ved Liland. Bilen velta rundt og hamna på taket.

Det var to personar i bilen, og båe kom frå uhellet utan skader.

Henning Hegbom i Voss lensmannsdistrikt seier til Hordaland at sjåføren i bilen som hamna på jordet, køyrde av vegen med vilje for ikkje å treffa ein møtande bil.

Lærekøyring

– Det har vore litt vanskeleg å forstå, for dei snakkar ikkje så godt norsk, men forklaringa høver også med den me fekk av dei som sat i den møtande bilen. Ingen av bilane har hatt stor fart, og dette er eit hendig uhell. Det var lærekøyring, men det er ikkje noko gale i det. Dette var eit uhell, og er meir ei forsikringssak enn ei politisak, seier Hegbom.

Båe personane i bilen som køyrde utfor fekk ein sjekk i sjukebilen, som også skyssa dei to heim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.