annonse

Utebassenget opnar om to veker

OPNAR
OPNAR: No er det klart at Utebassenget opnar om to veker. (Foto: Sara Finne/Arkiv)

– Viss alt går etter planen, opnar me Utebassenget laurdag 23. juni!

Nils Kvamsdal

Dagleg leiar i Vossabadet, Geir-Ole Selland, er i fyr og flamme. Og det er verkeleg godt nytt han har å fortelja:

– Utgangspunktet vårt var at me trong rundt 600.000 kroner for å kunna opna og driva friluftsbadet, og no er me i mål med den summen – utan ei einaste kommunal krone.

Storstilt spleiselag

Det er spleising på høgt nivå som no resulterer i denne gladsaka.

– Det starta med Voss Sparebank, som gav 110.000 kroner. Så har dei to andre bankane hive seg på, Sparebanken Vest med 100.000 og Vekselbanken med 75.000 kroner. Hordaland Bioenergi trør til med oppvarming – ein verkeleg stor post i rekneskapen som kan verdsetjast til 120.000 kroner, minst. I tillegg har me Mosjonsgutane og Hageland, med kvar sine 25.000, Regnbogen barnehage med 8000 kroner frå lappesalet sitt, og andre private bidragsytarar.

Arbeidet i gang

Arbeidet med å klargjera Utebassenget for drift er alt i gang.

– Fredag vert det dugnad på tømming og reingjering av bassenget. Dei tilsette i Vossabadet stiller opp, og både symje- og padlemiljøet er med på dugnaden. Måndag set me, etter planen i gang med å fylla i vatn, som så skal varmast opp.

Alt det tekniske som må vølast eller skiftast er tinga, søknad til Jernbanetilsynet om godkjenning av vassklia er sendt, det er oppretta dialog med kommuneoverlegen kring dei sanitære tilhøva.

– Går alt på skjener, skal me klara å opna laurdag 23. juni. Då må me opna på skikkeleg vis. Kanskje me skal lata dei tre banksjefane konkurrera i øvinga «Flytande rente»? undrar Selland.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.